Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Det er verst for oss. — Aa — ? — Jau. Me hev ikkje
Barne, me; daa visst stend det oss ikkje so nære. Me
hev berre Kvinna; og naar daa ho ikkje kann vera anna
for oss enn ei Kone... ja De ser kor einslege me gjeng
og sleng, sume Sveinkallar, andre Ægtemennar; trøyter
Tidi med Billardspél og ymse Slag; Gudbevars!
Billard-spél er trøysamt; og all onnor Moro er trøysam; men
den som ikkje hev anna enn Moro, han lengtar seg
ihel.
— De snakkar um Barne ... det er visst skral Glede,
Mødrane hev av Borni sine mang ein Gong. — Det er
deira eigi Skuld, um so er. — Aa... ein kann vel ikkje
krevja alt av deim heller? — Jau. Av dei tvo Partane
Foreldre og Born, er det som me veit berre Foreldri
som hev Pliktir. — Det vilde vera godt for meg! lo ho;
eg hev ei Mor, som eg slett ikkje er som eg skulde vera
imot. Eg hev ingin Tillit til henne; kann ikkje tala
med henne... — So hev ho ikkje kunna vinne Tillit
hjaa Dykk daa, for Pokker ... Trur De kanskje paa det
fjorde Bode, De ? — Aa ... — Enn um ingin hadde
fortalt Dykk at Fru Holmsen var Mor Dykkar, kva daa?
— Ja men ho hev no vori snild mot meg ög i Grunnen.
— So held De av henne som av eit anna Kvende som
hev vori snild mot Dykk ög i Grunnen; kva Fanden —;
De gjeng daa ikkje og skaper Dykk? —
Han var mest arg. Men ho totte ho hadde eit
Sam-vitsagg, mindre. —
Ut etter Sumaren vart det meir ujamt med Gram enn
fyrr; og i Frimaanaden for han til Bergen. Han vilde
sjaa um gamle Kjærastar, sagde han; det var Skjemt,
men gjorde henne vondt likevel; og ho var sidan so
smaatt elt av Aabryskap.
Han vilde ikkje gifte seg; det visste ho. Men um han
fann ei vitug Kvinne der burte, som kunde vera Kam-
272
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>