Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
lata vera aa røkje etter; so er det daa ein som maa
til-staa, at De hev vori aaleine med han paa Rome hans
ein Gong... — Naa? — So kann De aldri meir gjera
Mann Dykkar trygg. Det er ikkje nok, forstend De, at
ei Dame er uskyldig, og at alt Folk trur ho er uskyldig;
der maa ikkje vera so mykje som Tanke um Tvil! Den
Mannen som heldt av Dykk, han vilde koma til aa
spyrja seg sjølv: hev ho kysst den Guten ? Og um ho
ikkje hev kysst han — hadde ho gjort det, um han
hadde vori djerv nok? — Og so er alt ute. — So lat det
vera ute; sette ho harmfullt i; det er ein Tenkjemaate
so raa, at —; ein Mann, som heldt meg for slikt eit
Ting,, at so snart eg ikkje var under Uppsyn so kunde
han tru meg til kva det var, — jau, han var den rette
til aa koma og tala um Kjærleik! — Ho skalv. Han
totte ho braaka for mykje. Det er so, for Fanden, sagde
han. Sidan gjekk dei og tagde; ho svor med seg sjølv,
at ho ikkje vilde raake han meir. Denne Eiden sin heldt
ho i tvo Dagar.
Han vilde hava Greide paa kva Lag ho hadde, og lét
seg gjera kjend baade med Ebba Lehmann og Lærar
Opthun. Glad var ho; Folk som kjende henne vilde han
ikkje faa høyre noko gali av. Ho undrast paa kor han
vilde like Ebba. Ein Kveld spurde ho han. Aa jau,
svara han; det er visst ei svært klok Gjente. Elles
so —; dei er aldri fullt ut Damur, slike Kalls-Kvende;
Læraren, eller kva det kann vera, sting seg allstødt
fram; og det er endaa verre hjaa Kvinna enn hjaa
Mannen med sovori. Og Kvinna toler ikkje aa staa
under Tukt; ho fær ei Tenarhaatt; vert altfor mjuk,
eller ög trassig; strævande; misser det trygge og rolege
Damelag ...
Fanny forsvara Ebba som galdt det Live. Ho hadde
kanskje mindre Tenarhaatt enn flest-alle av deim som
275
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>