- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
276

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han kalla Damur; ho var daa visst sjølvstendig; hadde
sine eigne Meiningar, som ho ög vedkjendest; no eit Bil
sidan hadde ho endaa meldt seg Fritenkjar for
Skulestyre med Bøn um aa faa sleppe aa vera Lærar i Tru;
ho visste, at ho med dette vaaga sjølve Posten sin, men
hadde gjorde det endaa. Ja, kjære Dykk, De tek i Miss,
svara han; det er ikkje slikt eg meiner.

Den Kvelden ög gjekk dei tagalle heim. Og det vart
ein ny Stans i Samvære deira.

Ein Kveld seinare paa Vinteren sagde han rett som
dei gjekk: De, Frøken, De maa agte Dykk for Vénine
Dykkar. Eg hev ingi Vénir, svar ho; kva meiner De
elles med det? — Naa; det er inkje aa bry seg um; det
var berre denne mystiske Skulelæraren, Opthun eller
kva det no er han heiter ... han gav seg til aa fortelja
um Dykk her ein Kveld. — So; kva sagde han daa? —
Det vil segja, han fortalde ikkje noko; det er den
glupaste Snikfiskaren, eg enno hev raaka paa. Han
berre sagde at det var ingin som kjende noko vidare til
Dykk; det var t. D. ingin som visste kor mykje eller lite
De hadde havt aa gjera med Uchermann; heller ikkje
var det nokon som visste korleis De kunde ha livt med
firti Kronur um Maanaden, helst daa De umframt hev
ei Mor aa forsyrgje; dertil var det ukjent, um ein
kanskje kunde finne Forklaaringi til dette hjaa ein ung
Sprett han nemnde, ein Herr Houen, Son av Husbonden
Dykkar var. . . — Kva? ho skreik upp; det isna henne
ned gjenom Ryggen av Rædsle. Inkje aa bry seg um,
svara han; Fyren vedgjekk sjølv, at han inkje visste;
han berre tok sine Tankar av slikt som han hadde
høyrt av den og den; soleis av ein han kalla Ilsnæs .. .
— Slikt hev Ilsnæs aldri sagt, vitna Fanny. — Nei; det
same sagde han . . . ein framifraa Snikfislar; De burde
ikkje umgangast han. — Eg skal ikkje helsa paa han

276

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0278.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free