Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
frelst deim fraa Synd og Naud, endaa dei ikkje var frelste
korkje fraa Synd eller Naud ... det var so reint urimeleg
raadlaust.
Ho kjende seg meir og meir som ei stor Prettekraake.
Her gjekk ho og narra innpaa desse stakkars truskyldige
Smaakarane Ting som ho sjølv ikkje trudde paa, og som
inkje vitugt Folk trudde paa; det var sumetider ho fekk
Hüg til aa vera ærleg mot deim og segja som so: de maa
kunna dette Gutar, elles slepp de ikkje fram for Presten;
men det er noko Tull daa, skynar de vel? — Reint
uviljande glytte ho burtaat Dørgluggen; tenk, um det stod
nokon der og gjætte henne! Og snøgt døyvde ho ned
den vaaglege Lysti.
Det vart klaarare for henne med kvar Dag som gjekk,
at ho kunde ikkje halde ut med Skulen, naar ho skulde
ver Lærar i Tru. Gjeve Gud, at Skulestyre vilde svara
ja paa Søknaden til Ebba. Det maatte vera best for
Trui ög, at berre dei som sjølve trudde var Lærarar i ho;
det maatte daa vist Prestane forstaa. Aa ja; Skulestyre
var nok vitugt. Og daa vilde ho au kunna søkja seg fri.
Men so var det ein annan Otte: Løni. Upphavsløni
for ei Læremor var seksti Kronur; derifraa gjekk fem
Kronur til Vikar- og Likferdskassa; det vart fem og
femti Kronur um Maanaden; og ho hadde Skuld! Det
kunde ho aldri klara. Denne Skuldi kom til aa tyngje
og talme henne i all hennar Tid; aldri kom ho laus;
aldri var ho fritt Menneskje. Det einaste var, um Mor
hennar kunde døy. . . uff, aa fy daa. Aa jau; det var
som dei skreiv i «Morgenbladet»: at no var der gjort
so mykje for Kvinna som ho med noko Vit kunde gjera
Krav paa!
Og so skulde Fanny etterpaa alt hava denne vonlause
Kjærleiken aa dragast med ... det nytta ikkje aa dylja
for det lenger: det var Kjærleik. Vanleg, vitlaus Kjær-
279
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>