- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
280

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

leik. Og ho, som skulde ha vori nøgd med so lite, so
uendeleg lite; berre faa sjaa han ender og daa, faa gaa
ved Sida hans, svalle med han, handtakast med han . . .
Men ikkje det dessmeir skulde ho faa Lov til. Det var
slutt. Det vart verande slutt. Ho kunde aldri meir
søkje han. Det gjekk Dagar og Vikur; ho var ikkje
anna enn Lengt; heile ho var ein einaste, slitande
Lengt: han, han, berre han; men han kom ikkje. Og
ho ... ho vart burtvist. Ho brüka Dagane sine, og
Nætane med, til aa tenkje paa Utveger, finne ut Maatar
og Raadir til aa faa fat paa han, so ingin skulde kunna
faa so mykje som ein Tanke um, at ho hadde havt
noko med det aa gjera, men nei, slike Raadir fanst
ikkje.

Rett som det var raaka ho han likevel. Det var eit
reint Vinglehøve. Ho kjende som ein Svimring um
Hjarta, so sæl vart ho; han maatte ha søkt henne. Ho
kom beint fraa Skulen.

Men i all Verdi, sagde han, kor hev det seg, at ein
aldri ser Dykk? — Dykk det same? svara ho. Han bad
henne med paa ein Tur; sidan kunde dei faa seg ein
skikkeleg Middag hjaa Gravesen; ho gløymde Svolten sin
og fylgde. Det er skralt med meg som vanleg, sagde
han; denne Satans Ungkarsrangelen, denne fordømde
Griseskapen ... kvi kjem De burt for meg soleis rett
som det er; ser De ikkje at De er mi gode Fylgje; naar
eg rangler med Dykk, vert eg endefram ein
Guds-fugl ... —

Dei fekk seg Mat hjaa Gravesen; drakk sidan Kaffi.
Etter den tok han dessutan eit Par Glas Pjolter; han
maatte drikke seg normal, sagde han. Uff, dette ufjelge,
vonlause Live vaart; det var ufysi at me ikkje skulde
hava det vesle Tiltake som turvtest til aa gjeva seg
den vesle Kula i Skallen; Enden vart at han gjekk fraa

280

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0282.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free