Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Vite ein god Dag; han hadde no ein Onkel ög, som var
galin.
Etterkvart kom han i ljosare Lag; sistpaa var han
«normal»; og so fylgde han henne paa Heimvegen. Daa
dei kom til Porten, kjende ho med eit Armane hans um
Live sitt; han klyngde seg tett inntil henne, og det
gjekk ei Skjelving gjenom all hans Kropp —: aa, um
De kunde vera modig og bli mi! Kammeraten min heilt
ut! Halde i hop so lengi me kunde ... vera ihop um alt!
— Det var som ho drogst ned i ein sugande Malstraum.
Hovude hennar seig bakyvi, Auglo létst att; so vakna
ho av aa kjenne hans Munn famlande etter sin ...
Alt som fanst i henne av Bljugskap vakna, lyfte seg,
kom veltande, skyljande som ei Havsbylgje, reiv henne
ut or Armane hans, slengde henne i vilt Flög upp-yvi
alle Troppine, til dess ho skjelvande og skræmd sat i
Omnskraai hjaa Mor si.
Ho Mor sat i Ruggestolen med Bundingen sin. Den
vanlege Gnaalepreika kom: kva ho flaug etter; fljuge av
seg Klæde og gjera Ende paa Pengar; fara um med
altslags Folk og lata Mor si sitja heime og langpinast
aaleine; kom det ein skikkeleg Friar, so var det nei;
men kunde ho finne ein Lurv uppi Arbeidarsamfunde,
so flaug ho etter han som ho skulde vert forlegi ... Det
var reint so det letta aa høyra Mor si skjelle no.
Og so skal eg helse deg fraa Ebba Lehmann, kom det
sistpaa. Ho var her uppe no i Stad og fortalde, at ho
var avsett fraa Posten sin. Presten hev vori hjaa henne
og tala med henne; men ho er plent som du, stivnakka
og halvgali, og skal vera klokare enn baade Prestar og
Profetar. — Inkje Svar. — Og so skulde eg segja deg
noko til. — Inkje Svar — Du hev nok funni deg ein ny
Fyr til aa renne med no; noko reint Skrap, kann-vita;
ein gjeldbundin Student eller Kopist eller... — Mama!
281
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>