- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
282

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Naa, ikkje veit eg; men Ebba hev fengi Greide paa
han. Det er den verste Ranglefanten i Byen; han hev
visst øydelagt seg paa alle Vis; men no skal han gifte
seg med ei rik Dame fraa Bergen; og Ebba bad meg
helse deg aalvorsamt paa det, at du fær agte deg for
han; vil han deg noko, so er det ikkje noko godt; ja,
eg lova eg skulde segja deg det; men du er ikkje som
andre Folk, du; naar ein vyrdande Velstands Mann vil
hava deg til Husfru, so er det nei; men kjem det slik
ein gjeldbundin Student, so er du før til aa...

Fanny sat framlut med Aalbogane mot Knéi og
And-lite gøymt i Hendane. Med ein Gong braut det laust
med eit langt, døyvt Skrik; men Skrike vart til Graat,
ein Graat so syrgjeleg, so skjerande, at ho Mor slepte
Bundingen ned i Fange og vart sitjande reint skræmd,
med opin Munn og stirande Augo.

Det var ikkje Graat; det var den ville Jammer. Ho
hadde snutt seg burt; Mor hennar saag ikkje anna av
henne enn Ryggen; men denne Ryggen vreid seg som i
Sénedraatt. Nei men Fanny daa, Fanny daa ... Ho Mor
gjekk burt til Dotter si og freista aa faa henne til Ro;
nei men Krulltoppen daa; stakkars Barne mitt... du
maa ikkje taka det so tungt; det var ikkje vondt meint
... nei men kjære snilde Krulltoppen min ... Nei men
det hev daa vel ikkje hendt noko? —

Rett som det var fekk ho ein Støyt, so ho tumla
att-yvi —: «vekk»!»

Fanny reiste seg og gjekk burt-yvi Golve i halvhøg
Graat; kasta seg ned att i Ruggestolen til Mor si. Ho
saag stygg ut; Andlite var blaat, Augo trutne; det drog
i Munnvikune; Hendane trivla. . . Ja, det er du! det er
du alt i hop! jamra ho med skrikande Mæle; alt ihop
er du! hadde du vori eit anna Menneskje, so hadde alt
vori annarleis, alt!! — ho skreik ende yvi seg. Du hev

282

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0284.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free