- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
283

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjort meg til ei Jaale! ei Jaale! Ei Jaale hev du gjort
meg til! Ei Jaale! Dei er rædde meg! Dei skynar meg
ikkje; dei skynar meg ikkje; alt trur dei um meg; alt
trur dei meg til; alt, alt; skynar du det? skynar du at
det er du? skynar du det? skynar du det? — Aa langt
ifraa inginting skynar du, inginting skynar du; aldri
hev du forstadi meg; du er ei Jaale sjølv; og so hev
du gjort meg ög til ei Jaale! kom ikkje nære meg! Eg
vil ikkje sjaa deg; eg vil ikkje! Aldri hev du haldi av
meg; for hadde du haldi av meg, so hadde du forstadi
meg; du brydde deg um inginting; du var likesæl um
alt; du vilde berre ha meg til aa kaupe deg ein rik
Verson for; og daa eg var ven nok, kunde det vera det
same med det andre... aa Mor, Mor —! Det skrikande
Mæle døyvdest av i lang, jamrande Graat; ho heldt seg
fast i Stol-Armen og saag ut som ho vilde sige. Ho Mor
tok henne i Armane sine, studde og mest bar henne inn
i Sengkoven; godsnakka som for eit Barn —: stakkars
Krulltoppen min, tak det med Ro no; no skal me leggje
oss og sova; no skal du faa noko godt, og so skal du
faa sova ... Stakkars Barne mitt, stakkars Barne mitt
... Fanny kom i Seng; Graaten stilna.

Ho Mor vaska henne paa Tunnvangane med Edik og
gav henne Vatn med Nafta. Fanny kasta seg att og
fram i Sengi med braae Tak; det skalv um Munnen
hennar; Augo hadde noko sanselaust; ho drog Mor si til
seg som i Fælske —: ikkje gakk fraa meg! ikkje gakk
fraa meg! — Men snart etter tok det til att med Skriking
og ør Tale. Ho yvidyngde Mor si med Skuldingar;
ho Mor hadde vori stygg mot henne; ho hadde ikkje
vori nokor Mor; ho hadde aldri forstadi henne, aldri
havt Umtanke for henne, aldri brytt seg um aa vinne
Tillit hjaa henne — ikkje gakk fraa meg!!! ikkje
gakk fraa meg!! aldri, aldri hadde Krulltoppen havt

283

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0285.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free