Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED 21
fem blanke Speisidalar, Far, og endaa tvo Skilling!
So kann du kje undrast paa at det ber til Fant. No
laante eg i Banken ifjor; so no hev eg Rentur og
Avdrag attpaa; og betalar eg kje paa Dagen, so kjem
Sakføraren som ein Skrubb . . . Nei eg held med han
Torkjell Tutling eg, han Torkjell Tualand skulde eg
seia; me fær peinadø berre ta Børsa og jaga dei! heile
Smelta! Hell au ét dei oss levande upp! Ja det gjer
dei. Dersom me ikkje vil gjera som han Per Rudlevig
daa! — han stel seg fram, han, og greier det paa den
Maaten ; ja-ja, det er ein Maate, det au ! — prrr! —
Men det er kje min Maate, ser du. Ja no kann du
gaa daa, ditt Braffebeist; — trur du eg kann faa denne
Merro til aa staa still daa! — Godkvelden, Enok!"
— Han ramla i Veg att.
„Klippens Top . . .
Prrr! Enok!!"
Ja!«
„Du skal vel i Bryllaupe hjaa han Helge?"
— — Ja ... eg fær vel det."
„So treffest me der daa. Godnatt!"
„Klippens Top som Granen . . .’ —
— Enok rusla i Veg paa sin Kant.
Ja sjaa der, sjaa der! Var det kje Merakkel med
den Djevelen. Alltid fann han paa noko. Alltid fekk
han det so til, at der kom noko i Vegen.
No kunde ikkje Enok umvende seg, fyrr han hadde
vori i det Bryllaupe.
III.
Ljos var innsette paa dei lange Bordi i
Bryllaups-stogo; for det var alt Kveld.
Ved den nedre Bordenden sat det Mennar med
Kritpipur og Ølkrus i koselegt Drøs; lenger uppe sat
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>