- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
14

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

FRED

og inkje kann dei drikka, og inkje kann dei spela
Kort og inkje kann dei slaast; kann der verta noko
Liv i eit Bryllaup paa den Maaten?" — Dundrande
Laatt.

Napolon fekk 01; sette seg til aa skrøyte. Det
gjekk med Sogur fraa den Tidi daa han handla med
Kretur. Den eine Rispa galnare enn den andre kom,
helst um kor godt han hadde snytt denne Skarven og
Hestehandlaren Per Rudlevig. Jagu fortente han det
han fekk; kann eg lura han ein Gong til, skal eg gjera
det; ja det skal eg. Skulde ein kje lura ein
Kjeltring, naar ein kann koma til? Jau det gjer no eg.
Eg veit kje, kva dé tykkjer!"

„Eg tykkjer du er strid med han Per Rudlevig eg,"
sa Enok aalvorsam. „Eg er rædd at naar du tenkjer
deg um, so kann du au ha dine Lyte."

„Det var peinadø eit sant Ord, Enok! Skaal, min
gamle Ven og Lesarkamerat; du er grei, du, som ikkje
stikk noko under Stolen. — Aa ja. Eg seier som eg
plar seia. Han Per Rudlevig putlar og stél, og eg
putlar og drikk; kjem han Per Rudlevig til Himmerik,
so kjem eg der au ; ja det gjer eg."

Det vart slik Laatt at Enok ikkje vart høyrd med
sine Aalvorsord.

— Um han ikkje snart kunde gange no, tru? Her
sat han i Syndar-Lag og i Spottar-Sæte, drakk med
dei ugudelege og høyrde paa stygt Snakk; um han
vart burtkalla i Natt, so vilde han vera ille fyribudd.
Han kjende seg reint som tilsulka av Syndi rundt
ikring seg. Aa høyre og sjaa paa slikt og ikkje hindre
det, det var aa gjera seg „delagtig i fremmede
Synder" . . .

— — „Jamenn fær du smaka paa Øle, Enok; eg
trur det skal vera godt!"

Det var han Helge sjølv som kom, Far aat Bruri.
Han hadde ein litin Lette, men ikkje meir enn
rime-legt; no sette han seg hjaa han Enok og gav seg i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free