Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
16
FRED
„Det er visst ein gild Mann, Dotter di fær," sa Enok.
„Ja eg trur kje han er so galen," sa Helge. „Og
Garden er kje kleinare enn eg tenkjer han greier seg."
Det var som Enok med ein Gong fekk dei tunge
Tankane fraa seg. Han saag seg um med friare
Augo; og her var kje so fælt. Noko Umvending vart
det no kje av i Kveld kor som var, so han kunde
likso godt vera med so lengi. Vaarherre kunde vel
ikkje hava noko større imot at han sat her i eit vanlegt
folkelegt Drøs, utan baade Banning og anna stygt. Han
saag korleis det var, og at han ikkje vel kunde fara
annarleis aat enn han gjorde. Um ein synda eitgrand
meir eller mindre, det var no slik Slag au, so lengi
ein ikkje var umvend. Øle var au ei Guds Gaave;
og han Helge var ein hyggjeleg Mann. Berre agte
seg, so ein passa Maaten . . .
Smaatt um Senn glødde det upp i Augo hans; og
den bleike klaare Panna vart liksom varmare. Ho
Anna var i Døri ein Gong og kikka inn; ho vart
reint glad av aa sjaa Mannen sin som anna Folk. Han
hadde vori so underleg i den siste Tidi, at ho
stundom ikkje hadde visst kva ho skulde tenkje.
Enok Hove var ein Mann paa ikring firti. Han
saag godt ut. Andlite var klaart og klokt med store,
reine Drag; det vart godslegt og mest barnslegt naar
han lo; og han tok seg daa gjerne um Hoka med
den eine Handi. Haare hans var so svart at det
mest blaana i det; Luggen vilde gjerne fram i Panna.
Fraa Øyro ned under Hoka vaks eit tett, brunraudt
Skjeggeband, som saman med det svarte Haare la
liksom ei Raame um det opne, aalvorsame Andlite.
Han var i blaa Klædes Rundtrøye og svart, blank
Overlastings Vest; um Halsen med den kvit-strokne
Halsskjorta hadde han eit svart Silkeplagg med fin
Knute, Snippane stukne godt innunder Vesten. Med
sitt strenge myrke Hovud paa dei faste, velbygde
Aksline saag han annarleis ut enn dei andre, mest
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>