- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
25

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

25

kven han næste Gong tok ut; snart kunde der vera
eit Lik aa bu her i Huse med . . . „Eg er rædd, Far,"
sutra han Gunnar.

„I Kveld gjekk eg kje aat Fjose aaleine, um det
galdt Live mitt!" sa ho Marta kulsande.

V.

Enok gjekk beint aat Stallen. Der kraup han uppi
Baasen til den brune Merri og lagde seg til og bad.

Gud hadde tala Aalvor no; ein fekk sjaa aa faa det
avgjort. For smaatt og for veikt hadde han i desse
Dagane banka paa Naadens Dør. Det galdt aa brüka
Magt. Trengje seg inn. Det kunde snart vera stengt;
— han hadde sjølv vori full i dette Bryllaupe.

Han bad um Anger, um rett, sann Anger; tigga og
bad. Han var nok i Sjælenaud. Men det var berre
Rædsla for Guds Dom. Og den hjelpte ikkje stort.
Rædsla hadde Judas au havt; Rædsla hadde sjølve
Djevelen. Angeren, Angeren var det som maatte
vakne, den djupe Hjartesorg yvi at han hadde gjort
Gud imot. „Aa Gud, skap eit nytt Hjarta i meg!"

Og han rota og grov i sitt framfarne Liv etter Synd;
prøvde si Ferd etter Guds Bod og fann, at han hadde
broti deim alle. Og det ikkje ein Gong eller sju
Gon-gir, men kvar Time og Stund, gjenom heile sitt Liv,
i Vrangskap eller Veikleik, i Tankar og Gjerningar.

Kunde der vera ein verre Avgudsdyrkar enn han?
Avgudar hadde han havt fleire enn han kunde minnast
og upprekna. Men den han hadde dyrka mest og
lengst var Mammon. Det var Jordi han hadde sett
sitt Hjarta til. Jordi beintfram; Garden hadde vori
hans Eitt og Alt, hans Elsk og stendige Tanke. Utan
den hadde han kje visst korkje godt eller gildt; like
ved den hadde han kje havt Lyst til noko paa Jordi.
Den hadde han tenkt paa i Ungdomens Tid ; daa han

3 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free