- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
31

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

31

vites Pøl", „aah, oi" ... Rædsla tok han;
Kaldsveitten braut fram; uviljande og uvitande fekk han
Tak i Stemma og stemde Kverni.

Men daa vart det so fælsleg stilt. Som nokon skulde
vera braad-daud her. Han berga seg inn aat Tussa
og stengde Døri. Skræmeleg stilt. Det laag Lik der
inne. Men her laag Sjæli i Hiten og vreid seg —:
aah, oi; aah, oi . . . Han stod kje i det lenger. Stemde
Tussa; berga Korne i skjelvande Hast; treiv Lykti,
sette paa Dør . . . fekk kje Magt med seg sjølv att,
fyrr han var komin so langt heim at han saag Bøane.

Der fekk han med ein Gong slik ein inderleg Lengt
etter Gud. Som eit Barn, naar det er ute aaleine, og
hev misst Vegen, og Myrkre feil, og det gjev upp alt
og berre græt, græt etter han Far, — soleis vart alt
i Verdi Myrkr og Fælske, og Sjæli hans grét, grét etter Gud,
etter han Far der uppe i Himilen. Han lagde seg paa
Kne attum eit Gjerde: „aa eg er so sorgfull for eg
ikkje fær koma til deg. Aa kjære, opna di Naadedør,
at eg kann sleppe inn og faa Fred ... og Forladelse
for alle mine Synder. Aa kjære ver god med meg, og
lat meg kje staa for lengi utanfyri. Du ser eg er veik;
gløym alt det vonde eg hev gjort, og lat meg faa sleppa
inn; aa kjære Herre Jesus!" —

Han vart rolegare og gjekk heim. Men noko Svar
fraa Gud fekk han ikkje.

VI.

Det var i Dag dei skulde bera han Napolon.
Vere var stormande og tungt, halvt Vinter og halvt
Haust; men endaa støla Folk til Likferdsgarden fraa
alle Kantar. Han Napolon hadde vori vida kjend. Og
alle totte dei maatte ha set han.

Kannhende vilde dei og gjerne vita han av Garde.
Han hadde tyngt som ei Rædsle yvi Bygdi i denne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free