Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
43
hans Vaapenbu og Festning. Der vilde han finne
baade Sverd og Skjold, baade Boge og Pil, og Styrken
med; men fyrst og sist vilde han finne det som heldt
naar alt glapp: den sterke Handi med Naglegape.
Og slik ein barnsleg Hug han hadde fengi til aa
gjera Guds Vilje! Det hadde vorti hans Liv no; han
kunde kje trivast utan det. Han fortente inkje noko
med det, men likevel —; um han so skulde koma til
Helvite for det, han vilde gjera Guds Vilje endaa. 1
smaatt som i stort; i kvar ringaste Ting. Han tenkte
kje paa anna no enn aa finne ut kva han Far der
uppe helst kunde vilja.
Han stod upp um Morgonen Klokka fem; me skulde
kje leta oss og kjæle for Kjøte. Gunnar au maatte
upp, med alt det han grét og ille lét, og endaa Mor
hans bad for han; ingi Avgudsdyrking no; og ingi
Kjæling og Bløyting! — Men Serina hadde fengi
Kregda, so ho slapp; alltid skulde det gange so godt
for henne Serina. So vart Dagen vigd med Song og
Bøn. Drengen og Gjenta laut og vera med; Enok
var Husfar og andsvarleg for deim alle. Men han
fekk dei ikkje til aa leggje seg paa Kne. Ho Anna
slapp au; ho var so langt paa Vegen med det femte.
Men Gunnar maatte til, endaa han vreid seg stygt.
So las Enok Boni av den „aandelige Kjæde".
Etter Bøni fekk dei seg Mat. Og ved Matborde
skulde det vera stilt; me skulde hava Vyrdnad for
Gud og Gaavune hans. Og me skulde tenkje paa
at Gud sjølv var tilstades, so me ikkje vanhelga
Maal-tidi hans med Tøv og Tattl. Fyri og etter Maten
Bøn og eit Salmevers.
So gjekk Enok til Arbeide sitt full av Annhug og Glede.
Arbeide hadde vorti som nytt for han no. Det var
kje lenger Trældom og Slit og Sut for Mammon; det
var Gudsteneste.
Kregda: Krilla (Meslinger). -Tattl: Snakk, „Vrøvl".
Annhug: „Iver".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>