Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
52
FRED
Der var vel kje Meiningi at eg skulde kasta ut den
Kaffien som var att?" Ho stod med Ryggen til han
og studde seg innaat Benken.
„No skal du kje gjera Hjarta ditt til ei Røvarkula,
Anna. Du visste godt at eg vilde kje dette. Det var
difor du vilde lura deg til med det naar eg var burte.
Men der er ein som ser alt; og han stelte det so at
eg kom yvi deg. No kann du lata det vera deg ein
Lærdom til ein annan Gong. Noko Kaffi-slaberas skal
der kje vera i mitt Hus; og vil du kje sjølv slaa ut
dette Brennvatne, so skal eg gjera det." Han kom
nærare.
„Slaa ut — Guds Gaavur!" ho laut setja seg beint
ned. Ho hadde aldri høyrt so fælt. Dei Augo ho
sette paa han var so skræmde at han vart mest uroleg.
„Hadde det endaa vore Brennevin!" heldt ho fram.
„Men eg hev daa so mange Gongir havt godt av ein
Dröpe Kaffi, helst naar eg hadde denne Verken under
Bringa; — og det ser nok ut til, at den skal ... faa
halde paa ..." ho kava med Graaten.
— „Er du sjuk, so skal du beda Gud um Hjelp;
det er han som straffar deg for Syndine dine."
„Eg tenkte me skulde bruka dei Raadine han hev
gjevi oss, eg," hiksta ho.
„Beder for kvarandre og bekjender Synderne for
kvarandre, at I kunne læges, stend der."
Men no skulde han ha det; ho var so harm, ho
vyrde inginting:
„Eg visste kje anna enn at eg au skulde ha eit Ord
aa seia her i Huse. Eg kom daa kje so naki til Gards.
Men" . . . skræmd av sitt eigi Mod skunda ho seg
aa falle av att. „Naar der aldri skal vera Fred aa faa,
so . . . fær du vel truga deg fram i alt; du veit eg
er berre eit stakkars Kvinnfolk og . . . hev ingin til
aa . . . forsvara meg ..." Graaten kom; — „og
naar det er so ... at du ikkje timest til aa . . . unna
meg so mykje ..."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>