Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
57
alltid vori hans Kjælesynd. Her var det daa det galdt
um aa vera paa Vakt. I sitt Hjarta hadde han sagt
Verdi fraa seg; no galdt det aa trengje ho ut or
Tankar og Hug, so ho ikkje skulde snikje seg innpaa han
att. Vaka og beda; vaka og beda; syvjast han aldri
so lite, kunde Fienden snart faa Tak.
Han bad til Gud um eit sterkt Ord til aa stengje
Verdi fraa seg med; og daa han ein Dag i desse
Tankar slog upp Bibelen, fall Augo hans paa det Jesu
Ord: „Sørger ikke for den Dag i Morgen."
Der var Orde. Han lyfte Augo til Himilen og
takka Gud. Med det Orde kunde han stengje Verdi
fraa seg som med ein Koparmur.
Ikkje tenkje lenger enn han saag; liva heilt med
Gud i den Stundi han aatte; det var Tingen. So snart
det kom ein Tanke paa „sidan", ei Sut for Framtidi,
ein Draum um komande Ting, — „sørger ikke for
den Dag i Morgen!" vilde han segja til seg sjølv, og
Sattans Kunstir vilde brotne.
Han vart vaat i Augo av Glede og Takk. Kva hadde
det paa seg aa slaast med Sattan, naar Gud sjølv gav
han si fulle Rustning! For ein Rikdom av Styrke og
Kraft der laag i kvart minste Guds Ord, berre ein
hadde Andens upplatne Augo til aa sjaa med!
— Og Enok vandra i Ljose. Han slog ein
Bøne-Ring um dette „her" og „no", og livde med Gud i
Augneblinken. Daa var det som alle jordiske
Tyng-dir og Sutir kom bort. Han sat gøymd i Gud som
inni ei Skjoldborg.
Alt som ikkje tydeleg var Guds Vilje vart uhuglegt.
I uklaare Tilfelle gjorde han det som baud mest imot
for Kjøt og Blod; daa laut ein tru ein kom Guds
Vilje nærast. Og Aandi vitna daa med han, at han
var paa rett Veg. Men var han veik og gjorde etter
Kjøte, vart han strakst uklaar i Samvite. Anden
arbeidde i ’n all Tid; Samvite vart gløggare og gløggare.
Han las i Testamente det store Domar-Orde som skal
5 Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>