Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
63
— Ja tenk; han er komin so langt at han trur der er
Naade for dei som er i Helvite."
„Nei men —! kann han vera so forblinda?"
Rokkane stana.
„Og dette hev han endaa sett inn i Forklaaringi si,
so dei einfaldige skal tru det er det reine Gudsord."
„Kann det vera Raad."
„Ja ein skulde kje tru det."
Det var reint stilt i Stogo. Ho Jorina som sat lengst
bak drog seg nærare inn aat Ljose.
„Og han skal vera Prest, — totte eg du sae?"
spurde ho Marta.
„Ja Prest er han."
„Ja men han er daa kje Prest no," meinte Anna;
„han kann kje forretta i Kyrkjo, veit eg?"
„Me fær vona det. Men han fær gje ut Bøkar, og
det er verre. Han kann forføra fleire med det."
„Eg kann kje forstaa sovore." Rokkane surra, smaatt
og fortenkt.
„— — Han fær vel si Straff . . . paa den store
Dagen," sagde Enok; han banka og slog som han
skulde havt Presten under Hamaren.
„Det stend, at ’hvo som forarger en av disse smaa
. . . ham var det bedre, at der var hengd en
Mølle-stein om hans Hals og han blev nedsøkkt i Have." —
„Men at Presten vaar kunde vilja innføra ei slik
Bok . . . det forstend eg ikkje."
„Det var det at ho var autorisera; og so meinte vel
han at han kunde vera trygg. — Det er nok ei Straff,
Gud læt gaa yvi oss, for me ikkje vyrder Sanningi
som me skulde. No læt han oss faa Lygn, av di han
ser at me elskar Lygno."
Ja-ja."
„Men ikkje skal mine Born gaa paa Skulen; og
ikkje du Jorina heller. Me er rædde for aa gje Borni
vaare Forgift; men er kje dette mykje verre Forgift, —
som drep baade Sjæl og Likam tillige i Helvite! — Eg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>