Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 86
FRED
og Deia deros i Jesu Kristi Namn. Og so maa du
liva vel daa."
Det var stridt aa halde ut. Men ein Ting sagde
Tomas, som Enok lagde Merke til.
„Kanskje kunde det heppast so vel," sa Tomas, „so
som eg nemnde sist, at eg og kunde koma ut av
Um-stripparlive paa mine gamle Dagar. Lengi hev det vore
min Ynskjan og Forlengsel; og no i Vinter snakka eg
med sjølve Presten Meier um det; og han sa det,
beintfram dei Ordi brüka han: ’kann du faa en Mand
som Enok Hove med paa det, so er det slettesikkje
umulegt,’ sa Presten; ’for Enok Hove,’ sa han, ’det
er den Mannen næst meg sjølv, som hev mest aa
segja i Fatigkomissjonen.’"
Gunhild blinka til Mannen sin: den er god! —
„Nei det kunde daa kje Presten segja," varde Enok
seg bljugt. „Dei Ordi brüka han," svara Tomas; „eg
er kje den Mann som fér med Lygn og Vas; for eg
veit kva der stend: du skal ikke sige falskt Vidnesbyrd
mod din Næste." Enok vart forundra av aa høyre
slik Ros, og det fraa sjølve Presten. Ja-ja; Meier var
ein snild Mann. Daa han fekk Greide paa Saki, lova
han aa hjelpe Tomas med dette so vidt det stod i hans
Magt; kannhende Gud her vilde nytte han. Fantane
gjekk med Signingar og Bønir og Sekken full. og Enok
kjende seg reint styrkt av den nye Gjerningi som var ’n
paalagd. —
— At Gud var med no viste seg snart. Carolus
var so lydig og snild at det var reint hüglegt; han
kunde heiltupp vera eit Mynster for denne stakkars
Gunnar’en, som daa au jamt og samt fekk høyre det.
„Spegla deg i han Carolus du!" maatte Enok altfor
ofte segja til han.
Det var rart med han Gunnar. Han som hadde vori
so kvik og snild fyrr, — var det kje som han hadde
vorti umskapt paa desse tvo Vintrane. Motstand og
Deia: Mor.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>