Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
113
„Det er kje noko aa læ aat," kvesste han i; „for
er det sant alt det Folk fortel, so skulde du ha vori
paa Daarekista for lengi sidan."
„Aa ja; — Jøderne ein Forargelse og Grækerne en
Daarlighed."
„Hæ?"
„Jøderne ein Forargelse — —"
„Ja Forargelse, ja! Det kann du segja ein Gong
til. Er kje Verdi god nok aat deg kanskje? Hell trur
du at du skal koma so mykje høgare i Rang i Himerig
enn me, med di du gjeng og lavar med Øyro so
ukristeleg? Jagu totte eg ein Mann som du skulde ha
betre Vit."
„Verdens Spott . . . skal me bera med Glede."
„Hæh? — Det skal du slett ikkje! — naar du
fortenar Spott! Høh! Hev du kje høyrt um dei som
les lange Bønir, at dei kann ansees av Mennesken;
trur du kanskje Vaarherre bryr seg um all den Bæktingi
di? Dei segjer du ligg og remjar og syng heile
Sundagen, akkurat hvorso Kjetta, naar ho ræer ... Eg
tenkjer Vaarherre segjer som eg, han, at jagu kunde
han Enok Hove finna paa det som der var meir Gagn i!"
„Det naturlige Menneske forstaar ikkje dei Ting, som
høyrer Guds Aand til; thi de bedømmes aandeligen."
„Hæ? — Kom kje med Bibelspraak og Krussifiksar
til meg; eg er so gamall eg kunde vera Far din! Eg
hev sét meir av Verdi enn du; og at Vaarherre er slik
ein Kjeltring som Haugekarane trur, og du endaa verre,
det vil eg forsvara han imot; ja det vil eg. Me hadde
daa Prestar fyrr au; gamle Presten Juel var den beste
me hev havt, det segjer eg; men ikkje snakka han um
Helvite — for andre enn Kjeltringar og Skarv daa; for
der er Betterdø nok av dei som ikkje fortenar det
likare. Men naar me liver som ærlege Folk og gjer
det beste me veit og kann —; er me kje Guds
Skapningar? Trur du kje han veit kva To der er i oss,
— lengi fyrr me kom til? — Skulde han kasta nokon
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>