- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
116

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126 FRED

hadde endaa høyrt deim øve seg i Fantemaal. Um
Herren ikkje brydde seg um dette Offere hans heller?
Ja vilde vende det til vondt for han? Um det hadde
vori Sattans Innbilningar og Blendverk alt ihop, alt
ihop? — Gjekk ikkje denne Olsen au og drøymde
um, at han hadde kjent Gud i seg og høyrt Vitnemaal
i sitt Hjarta?

Det kom yvi han stundom, so han vart kald og
sveitt, og kjende Folningar og Visningar gjenom heile
Kroppen: um det skulde vera Tøv alt ihop?

Han kom inn ein Kveld i Skümingi; Vesle-Paulus
skreik, og Serina sat og vogga og sulla for han.

„Paa Daarafjedl’e,
paa Daarafjedl’e,

der dansa baade Gjeide og Saue.
Fyre gaar den so i Pibaa blæs’e,
ittepaa kjem Kussen den raue."

„Kva er det for noko gamalt Tøv du sit og gnaalar
paa," sa Enok; „kann du kje likso godt syngja noko
som er vent? — Kanskje tagnar han Paulus au heller
daa. — Syng den som han Carolus lærde dykk her
noko sidan; det var slik ein pen litin Song."

Serina vreid seg; det saag ut som ho var uhüga.

„Naa? Skunda deg no! — Vil du eg skal verta
vond paa deg kanskje?"

Serina tvinga seg og song Salmeverse. Men berre
med halvt Mæle og halve Vokalar og svært fort; og
der var Ord ho liksom løynde :

„Alle Vegne, hvor jeg vanker,
jeg min Mmsum har i Tanker;
hvor jeg ligger, sidder, gaar,
efter hmm min Længsel staar."

„So ja! Men tydeleg og vent; so skal du nok
sjaa han tagnar."

Daarafjedl’e er vel Dovrefjell- — Kusse: litin Kalv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free