Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 17
Serina song andre Verse, noko meir modigt; gav
seg liksom yvi og lét det staa til.
Men Paulus ylte heller verre enn fyrr; og so sette
ho i att med „Daarafjedl’e". Og det var forunderlegt
so mykje lettare som dette gjekk.
Enok stod og sturde burtmed Vindauga og tokst
med tunge Tankar.
Var det kje skræmelegt med denne Uhügen til Guds
Ord; og det endaa hjaa Borni?
Tilmed Paulus vart rolegare no. Ein kunde tru at
han ikkje lika aa høyre um Jesus, han heller. Og
endaa var han døypt . . .
Gunnar vilde han kje tenkje paa dessmeir; det var
reine Hate der. Kunde Ungen lure seg fraa Orde berre
den minste Stund, so sprang han som han skulde hava
Eld i Enden.
Og Skulen som Enok hadde teki til att med —; dei
same Borni som hadde høyrt so vel etter naar dei
var for Olsen, — no beit det korkje Ord eller Ris
paa deim; ikkje eit skikkelegt Svar var der aa faa;
minst av han Gunnar.
Kor kunde det hava seg? „Alt hvad I bede Faderen
om i mit Navn, det skal han give eder" ... og kor
lengi hadde kje han bedi? Og so hjarteleg! meir
hjarteleg enn um noko anna? Men heller verre vart
det for kvar Tid.
Og dei var daa døypte! Dei hadde i Daapen fengi
Anden; var tekne til Naade og løyste og utfridde fraa
Sattan og hans Magt; men endaa —! Endaa skulde
Gud og alt som Guds var vera deim so hjarteleg
imot. —
— Tyngre og tyngre vart Tankane hans. Han stana
ein Dag paa si eigi Tropp —: skulde det kje vera
sant, dette med Daapen?
„Vik bak meg, Sattan!" han slog Tanken fraa seg i
Rædsle. Men Tanken kom att.
Baptistar og Umdøyparar sagde at Barnedaapen var
M
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>