- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
127

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 127

han høyrt, utlærd paa denne nye Lærarskulen; og
Tomas hadde kje godt av seg, fyrr han fekk visentere
han litegrand. Det skulde vera Beng’en til Spikk,
um denne unge Spiren her skulde kunna klara seg
mot ’n Tomas Fredriksson.

Lengi sat Skulemeistaren og vilde kje høyre etter.
Men Tomas gav seg ikkje. Han lédka og krøkte til
han fekk Tak. Skulemeistaren lagde Boki fraa seg.

Daa tok Tomas ei av sine vandaste Aspektir. Ikkje
ein Gong Presten Meier hadde kunna klara den.

Det var sagt i det sjuande Bud: „du skal ikke
stjæle". Og det hadde Moses skrivi med sin eigin
Finger paa Steintavla paa Sinai Bjerg, og Gud Herren
hadde sjølv sett sin Stempil og Innsigil paa, at det
skulde vera so som Moses hadde skrivi. Her hjelpte
det ingi Betraktningsmaatar eller Umsvævelser; det
som var skrivi, det stod.

„Men no skal du sjaa," sagde Fante-Tomas og slog
med Hovude, „kossleissen desse Aspektir og
Vitnesbyrd tek seg ut i ein annan Ordning eller Begrep.
For her er so mange Begrep eller Betenkningar som
me ikkje hev regtige for oss, naar me tek dei i visse
Maatar og Undersøkelser; men dei vert regtige, naar
me granskar etter i alle dei andre Punktar og
Betraktningsmaatar som maa vera med i denne Forstaaelsen."
Tomas sputta brunt.

„Men," heldt han fram, „naar me held paa med
vaare Funderingar og Ransakelsar og prøver alle
Vitnesbyrd og alle Aspektir mot kvarandre, so at det eine
stend imot og vitnar imot det andre, som Apostelen
segjer, so vert det gali paa ein annan Kant att; og
du veit kje kossleis du skal gebærda deg, og kann ikkje
utvikla den Floken du hev lagt deg. Thi vaar
naturlege Forstand er ved Synden formyrket, som me alle veit.
Men no skal du sjaa, kossleissen dette er aa upplysa."

Han lagde Hovude paa Skakke og tok med mjuk

Ben g Fantemaal : Djevelen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free