Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 137
og bruka Magti si til aa snyte seg rike, og det so grovt
mang ein Gong, at me andre vilde koma paa Tukthuse
um me vaaga slike Varp. Og so gjekk Prestane, som
ikkje var likare sjølve, og tøvde um, at desse
Kjeltringane var innsette av Gud; neimenn um dei det var;
heh! — Etter 1814, daa Storkarane gjorde Uppreist
og reiv seg lause fraa den rette Kongen vaar i
Kau-penhamn, av di at han var etter deim stundom og tukta
deim, — etter den Tidi hadde me kje havt lovleg
Regjering i Lande. For at me skulde vera under
Sverig hadde aldri vori Guds Meining; men av
Svenskekongen fekk Storkarane Brev paa at dei skulde faa
raade seg sjølve; og so selde dei Lande til Sverig for
dette; so at no var det Svensken som innsette
Styres-magti vaar. Og me Smaafolk hadde ingin lenger til
aa forsvara oss; for Svenskekongen fekk 100 000 Dalar
um Aare for aa halde Kjeft; og Storthinge fekk likso
mykje for aa halde Kjeft; den som gjekk til Storthinge
og klaga sin Naud, han fekk ein Lort med eit langt
Band i. Og vilde me reise oss og krevja Retten vaar,
som dei hadde gjort under Thrane, so var Storthinge det
fyrste til aa sende Syldatrar imot oss og setja oss paa
Tukthuse. Heh! Nei; sidan me kom under Sverig — —
Enok stod og saag seg leid paa Carolus, som no
laag i Bærtuva og aat Skinntrytekart. Skulde Gud
vilja lata han staa til Narr denne Gongen au; skulde
det kje bli Folk av denne Fanten heller? Tøygt seg
hadde han i det lengste; vori so rimeleg mot Carolus
som det berre var Raad; tenkt at han skulde faa Magt
yvi han med det gode. Men Takki han fekk var den,
at Fanten vart latare og latare, og gjorde meir og meir
som han vilde. Og no tok Far hans til aa tala um
Løn aat han endaa-til. So at um Enok vilde segja
noko til han, so kunde han faa det Svare, at kva vilde
han krevja, naar han ikkje gav Løn . . .
„No maa du kje la Solreven ta deg, Gunnar!" ropa
Enok; han saag paa Carolus. Denne forstod Meiningi.
10 - Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>