Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 143
rolus held Handi yvi Augo og stirer; kann enno ikkje
skyna at han berre hev drøymt.
— „Ja-ja Far; eg skal koma i Nott. Tarv kje ræddast
naar det bankar paa Vindaugo; d’er kje Mosk ro en,
hæ-hæ . . . Sattans Smalen! Hæs! Hæs!! — Men
Skit. Det er siste Dagen. Lat han gaa aat Engi
so mykje han vil. I Morgo Kveld er eg i Byn; og
so ut yvi Have det blaae. Hurra boy san!"
XXI.
Daa dei skulde paa Slaatten Morgonen etter, var
Carolus ingin Stad aa sjaa.
Enok letst ikkje bry seg. „Han kjem nok att."
Men daa dei var heime til Dugurds og sat og slipte
Ljæane, kom han Kornelius hans Helge, som nettupp den
Natti var attkomin fraa Eksisen i Kristianssand; og
han fortalde, at Klokka halvtolv i Natt hadde han set
Fanten med ein Tull i kvar Hand setja søryvi aat
Ramstadheidi. Endaa vilde kje Enok tru det. Det
var ikkje Raad. Carolus kunde kje vera rømd. Han
kom att. I Kveld hadde me han. Med Munnen full
av Orsakingar og Bønir.
Han kunde kje vilja takke paa den Maaten for vel
gjort. So lengi som Enok no hadde arbeidt med han,
og det med slikt Tolmod, so ettergjevande og vislegt
. . . Og so godt som Carolus hadde havt det her; alltid
sitt visse Bord aa gaa til; og aldri eit vondt Ord; og
Rettleiding og godt Stell i alt; heiltupp som Barn i
Huse . . . Um han aldri so mykje var Fant, so kunde
han daa kje vilja takke paa den Maaten.
Men um Kvelden kom Fante-Tomas. Han song upp
med ein Guds Jammer um „det syrgjefulle som hadde
hendt", og gjorde Avbøn for Carolus med alle dei
vridnaste Ordi han kunde utfinne. Den lede Luksifer
Mos kro: Lensmann.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>