Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 145
no hadde Presten teki Æra, men Enok stod att med
Skammi og Straffi. Han arga seg so upp, at han vart
verande heime fraa Kyrkja tvo Sundagar.
Ein fekk agte seg for dei store. No hadde Presten
teki til med noko nytt: han vilde hava Jensens
Lesebok inn i Skulane. Enok saag paa Boki og saag seg
harm. Dikt og Tøv, ja Æventyr beintfram, og det som
verre var: Misbruk av Guds Namn, — slikt vilde ein
Sjælesyrjar hava inn i Skulen! Daa Saki um Hausten
kom fram i Skulestyre vart Presten reint forstøkt;
hans trufaste Enok Hove var med ein Gong Førar for
Opposisjonen.
Torkjell Tualand hadde Rett; Embættsmennane var
spelege. Dei søkte si eigi Ære og Vinning og brydde
seg korkje um Gudsord eller um Folke. Enok gjekk
so vidt at han tinga det nye Jaabækblade; der hadde
me daa eit Blad som torde segja Sanningi — for
fyrste Gongen etter Thranes Tid, som Torkjell sagde. Eit
heilt halvt Aar heldt Enok „Folketidende". Daa laut
han segja det upp, av di der var so mykje Misbruk
av Gudsord i det; men elles hadde Jaabæk Rett;
næste Gong det vart Valmannsval vilde Enok korkje
røyste paa Presten eller Lensmannen. -—
— Etter den heite Sumaren vart det ein tung
Haust og ein hard Vinter. Det snødde so Vegane
dreiv att; Gong paa Gong maatte dei ut og brøyte.
Snøen vart liggjande i maanadsvis.
So vart det Linnver og Søyle med Snøslette og
Kald-regn. Nordvesten fossa um Növine med Buring og
Brak, og Himilen hekk blaasvart og stengd, so dei
aldri saag Soli. Men stilna det um Kveldane, so
fyll-test Rome med Havbrak.
Enok kjende sin Harmhug folne; han kom inn i
Tankar av eit tungare Slag.
Det var nok ikkje Presten han skulde arge seg yvi.
Presten fekk svara for sin eigin Domar; Enok kunde
hava nok med aa agte seg sjølv.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>