- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
146

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

146

FRED

Han stod i Løo og treskte; svært so lite som det
hadde vorti av alt Slag i Aar. Det var endaa verre
enn ifjor; Stadane var kje stort meir enn halvfulle.
Kva kunde det vera Gud straffa han so strengt fyri,
i det eine som i det andre?

Han vart strengare i sin Kristindom enn nokon
Gong fyrr. Han spækte Sjæli med Orvake og Bøn
og Kjøte med Faste og strengt Arbeid; mødde seg meir
enn han hadde godt av; me skulde krossfeste vaart
Kjøt. Kva hadde kje Jesus loti lide? Og det han
som var syndefri! Kor mykje vondt fortente daa kje
me? Han spækte seg sjølv og heile sitt Hus. Me
hadde vori for late og for trygge, so Kjøte hadde vorti
for sterkt; difor var det at Guds Hand hadde vorti so
tung yvi oss. Tilbake, tilbake til den fyrste Kjærleiken!

Som David gruna han paa Herrens Lov Dag og Natt.
Kva skulde han gjera, so han rett kunde faa hugmykje
seg for Herren og koma inn i den gamle trygge
Barnefred? Han friska uppatt sine gamle Aatferdir, i smaatt
som i stort. Men Tankane heldt seg tunge og myrke.

Denne Gongen au hadde Gud forkasta Offere hans.
Beint fram og heilt ut forkasta det. Ikkje i minste
Maate hadde han signa hans Stræv eller høyrt hans
Bøn; kasta burt alt ihop som gagnlaust Skrap og lati
han stande att her til Spe og Spott for alt Folk. Det
maatte vera noko som var gali.

Ein Kveld ut-imot Vaaren, han stod i Løo og skar
Hakk, blenkte det upp for han som ein Elding: Gud
hadde forkasta Offere hans, av di det ikkje hadde vori
noko Offer.

Lygn og Sjølvdaaring var det, naar han kalla det
so! — for det hadde ikkje vori gjort av Kjærleik. I
dei løyndaste Kræane av Hjarta sitt hadde han gjort
det for Løn Skuld. Han hadde i Løyndom tenkt, at
Gud vilde „signe" han paa andre Kantar, naar han
„ofra" til Fatigfolk; men „Signing" var berre eit
venare Ord for Løn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free