Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 147
Han slepte Arbeide or Hendane og vart standande
som nömin. Kor stod det til med han? Var han Guds
Barn? I slikt Myrkr, i slikt kjøtelegt Sinn hadde han
livt og endaa totst vera i Naaden; skulde det verkeleg
vera Tøv og Draum og Ørske alt ihop.
Rædd og uroleg gav han seg til aa granske sitt Liv,
og fann snart det eine verre enn det andre.
Med all si Avsegjing av Verdi hadde han elska ho
like godt. Han saag seg gaa inn-i Byn og handle,
tinge med Bykjeringane og ljuge so smaatt, til aa tena
ein halv Skilling paa Smørmarki eller Mjølspande.
Alltid tok han det han kunde faa, um han so visste
det var for mykje; og alltid laut dei ut med mest, som
minst kunde tinge, endaa dei ofte hadde minst Raad.
Ein Ljugar og ein Snytar og ein Tjuv gjekk han der
inne og gledde seg, ja takka Gud, naar Snytingi gjekk
godt; Minningar av Guds Aand slog han berre ifraa seg.
At han aldri hadde komi til aa tenkje paa dette fyrr!
Eller naar han sat i Fatigkommissjonen og var med
aa neite Hjelp til den og den Armingen, „for
Konsekvensens Skyld", som Presten sagde; — hadde kje
Jesus sagt at me skulde hjelpe alle som bad oss?
Ja „dersom nogen beder dig om din Kjortel, saa lad
ham og beholde Kappen" . . . Men her laag me og tinga
paa kvar Skilling; lét Folk svelte og frjose, so me
sjølve kunde sleppe med mindre Skatt. Kva vilde
Jesus segja til det paa den store Dagen? — „Jeg var
hungrig, og I gave mig ikke at æde; jeg var tørstig,
og I gave mig ikke at drikke; gaar bort, 1 forbandede,
i den evige Ild, som er beredt Djævelen og hans Engle!"
Og i Skulekommissjonen, hadde han kje siti der og
vori med Presten paa Ting som han i Grunnen var
imot, so han kunde faa Ros for aa vera ein upplyst
Mann? Hadde han kje søkt Ære hjaa Verdi meir enn
hjaa Gud, og gjort Presten til sin Avgud? Men
„forbandet er den Mand, som forlader seg paa Menneskje
og held Kjød for sin Arm" . . .
nömin: „lammet".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>