Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 155
So kom Kvelden sigande med mjuke Litir yvi Bakkar
og Brot. Fraa Havryggen glima Soli inn yvi Lande
og spegla seg i alle Glas; det lyste uppetter Heiane
som av Demantar. Men Glansen slokna naar Soli
gjekk. Og Lande seig inn i ein Fred so djup som
alt skulde vera trollsvævt. Han høyrde alle Bekkir
suse; han høyrde sitt eigi Hjarta slaa. Kvite Eimar
steig; breidde seg yvi Myrane som Draumsjøar. Eit
einslegt rolegt Vibeskrik her og der. Eit Myrfuglpip langt
burte. Lammebækting fraa Vollane som ein søt, linn
Graat. Laagt gjenom Lufti eit Par snøggfløygde Ændar.
Fred, Fred. Ein uendeleg Fred. Berre i Hjarta
hans Enok var der Uro.
Det kom yvi han stundom at han var so framand;
utstøytt og burtstøytt vandra han her; fredlaus paa
Jordi mest som Kain. Kvar han tenkte og kvar han
vilde gange, ingin aa kvile hjaa, ingin aa hyggje seg
til. Framand var han i sitt eigi Hus. Ingin fylgde ’n
naar han gjekk; ingin venta paa ’n naar han kom.
Dei drog seg burt naar han kom; det var som dei
var rædde. Ikkje av sine eigne Born dessmeir kunde
han faa eit huglegt Ord; nei ikkje um han vilde leggje
seg paa Kne for deim og beda uni det. Um han tala
blidt til deim, ja tala med deim um verdslege Ting,
um Tøv og Tattl som han tenkte dei kunde like, —
det same var det. Det var som dei vart bljuge; dei
skjemdest; kvart stakkars Nei og Ja maatte han som
hala fram; dei forstod ikkje at han søkte deim og
trong til deim. Og han hadde daa berre livt etter
Orde: „hvo som ikke fornegter Fader og Moder og
Born og tilmed sit eget Liv" . . .
Og ho Anna, stakkar. Han hadde nok ikkje fari
rett fram mot henne heller. Undrast paa um det
kunde ha vori betre um han hadde vori gift med
henne som han hadde til Avgud ei Tid? — Aa for
noko Tøv. Aa du mangfelde Djevel. —
— Det var ein Sundag ut i Slaatten. Enok var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>