- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
162

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

162

FRED

XXIV.

Gunnar var framsloppin.

Og no skulde Dægeren taka baade Forklaaringi og
altihop — han var vaksin Kar og vilde lære seg til
aa banne —; for jagu var han so leid av all denne
Gudelegheiti og alle desse Bøkane, at det var reint so
det lukta for han. (Naar han vart gamall kunde han
tenkje paa dei Ting.)

No kom det snart Brev fraa han Carolus. Og naar
Breve kom, so var det berre aa lure seg av ein Kveld
naar dei sov; og so til Bvn; og umbord med ein Gong;
so kunde dei taka ’n ! — Og so ut paa det frie vide
Have, kannhende alt til Arabia . . .

— Men Gunnar laut vente lengi paa Brev. Og ved
Marknads Tidir spurdest det at Carolus var heimkomin.
Gunnar gjekk i aatte Dagar og lengta; kom han kje
snart? Var det kje han som kom ned i Vegen?

Ein Dag Far hans var av i Likningsnemndi, lurde
Gunnar seg avstad sør-yvi Heidi til Fantehytta.

Raude og forøvne raakast Gutane att. Det var so
vidt Gunnar kjende Carolus.

Han hadde vorti so vaksin. Gild var han au i
Sjømannsbunaden sin, endaa Dyffelspjekkerten var heller
slitin, og Seglduksbroki ikkje so lite bøtt. I alt sitt
Lag hadde han fengi noko framandt og liksom utlendskt.
Og slik ein Sving han hadde fengi paa Maale sitt!
Han sagde baade „har" og „jog"; og ..mangen" for mange
og „bangen" for rædd, og mykje anna fint; Gunnar
vart reint bljug av sitt vanlege simple Bondemaal.

Ringar hadde han i Øyro paa Sjømanns Vis; og paa
Handi ovanum Tümen var eit Anker og eit Hjarta
innprikka med blaatt; under stod Bokstavane C. M. T. ;
det var for at han skulde bli attkjend um han kom
burt paa Sjøen, sagde han. Men paa Bringa hans var
det innprikka eit heilt Skip som Gunnar fekk sjaa, og

framsloppin: konfirmera. Jog: jau.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free