- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
164

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

164

FRED

— Meir enn vanleg stur gjekk Gunnar no ei Tid ;
det var som alt stengdest for han.

„Er det noko som er deg imot, Gunnarmann ?"
spurde Far hans — uff! denne ufysne Blidlaaten, han
tok til med i seinare Tid ; mykje heller vilde Gunnar
han skulde skjelle. „Nei," svara han stutt. Far hans
sukka. „Eg tykjer det er so vondt at du aldri kann
segja meg noko, Gunnar. Du kunde daa gjerne snakka
med meg." Gunnar murtagde. Kva skulde eg snakke
med deg um, tenkte han. „Er du vond paa meg,
Gunnar?" Gunnar vreid seg. Kva skulde no det
vera for Snakk ? Far hans sukka, langt og tungt; so
gjekk han.

Men Gunnar heldt seg ifraa Far sin meir og meir.
Han var so serskilt rar stundom, han Far no; skapte
seg med Faktir og Aatferdir mest som han var halvgalin;
kva det skulde svara fyri kunde kje Gunnar forstaa;
han vart baade rædd og arg av det.

Det hjelpte noko at Far hans var so ofte burte
no; og so var han Torkjell Tualand her mykje;
han var Dreng haalvestundo. Ikkje var han Far so
streng um Sundagane heller som fyrr; Gunnar fekk
mykje raade seg sjølv daa ; helst Kveld-yktine.

Daa lurde han seg gjerne ut. Vaaga seg stundom
paa Garden millom hin Ungdomen; han vilde kje gange
Heimføding lenger. Men det var kje so morosamt paa
Garden som han hadde tenkt. Han kunde ikkje koma
noko inn med desse andre; dei hadde ein annan Maate
i alt, og mest som eit anna Maal; dei lo kvar Stundi,
og han visste kje rett kva dei lo aat. Stundom var
det som dei gjorde Narr av han; „aa jau, han vil nok
vera med, han Gunnar au; det hjelper nok ikkje
Bibelspraak mot —" ; jøss, for Ord dei kunde bruka. Det
han sjølv fann paa vilde aldri falle seg her. Gjenta
hans Helge, ei fraa Sørbygdi som nyleg var hitflutt,

Haalvestundo: halve Tidi (skiftevis; t. D. ei Viku um

Gongen).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free