Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
1 169
kann nok henda eg hev vore noko streng med deg . . .
men du hev daa vel aldri tenkt, at ... at ikkje
Meiningi var god? — Kva? -— Kunde du tru, at din
eigin Far vilde deg . . . anna enn det som godt var?"
Enok vart so underleg i Andlite.
„Nei," fekk Gunnar fram med Stræv; uff, no vart
det leidt att. Men det var utrulegt aa høyre dette av
han Far. Tenk han tilstod, at han hadde vori streng.
Noko varmt og mjukt lagde seg um Bringa hans Gunnar.
Til aa koma yvi dette sette han i med alt sitt Mod:
„Ja eg meinte, at eg kunde nok ha Hug til aa
koma til Byn og staa i Krambu ei Stund, so eg kunde
læra litegrand, og tena nokre Skillingar; ein vert so
reint Heimaling av aa aldri koma ut." Han fann Ord
so han sjølv undrast paa det.
Det ljosna i Andlite hans Enok; Gunnar hadde
tala mildt.
„Ja, ja, Gunnar," sagde han, og laut døyve Gleda
i Mæle sitt; „det var kje so gale tenkt det! — Du
kunde nok ha Gagn av aa koma ut og læra noko ; det
er sant; og naar me kunde faa deg inn hjaa ein kjend
og paaliteleg Mann —. Ja sjaa der kann du sjaa! Du
skal aldri vera so rædd for aa koma til meg med
sovore; du veit at eg gjerne vil ... ha deg fram, eg.
Me skal sjaa kva Raad der kann verta med dette,
Gunnar." —
Den Dagen var Gunnar mest glad i Far sin. —
— Mot Kvelden, i Skümingi, stod han i Løo og
hogg ut Høy aat Smalen ; Enok gjekk og stelte og gav
Øykine.
Med ein Gong kom han burt aat Son sin, slog
Armane ikring han og drog han inn-aat seg. „Eg
elskar deg so, Gunnar," kviskra han ; „du skyner det
ikkje!" —
Slepte so Gunnar, strauk han yvi Hovude; sukka
stilt og gjekk.
Guten stod etter som han kunde sige i Jordi . . .
12 - Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>