- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
173

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

1 173

Borni i tusund Led"; ofte laut ho Anna berre gjeva
seg yvi og tegja.

Alt tok han seg Sutir av. Ho Serina var framsloppi
og vaks upp til ei ven Gjente, rak og lett og faktegreid ;
daa Enok lagde Merke til dette, tok han den Tanken
at det maatte gange gali med Serina. Sidan fekk ho
mest ikkje koma ut. Han lika ikkje at ho gjekk til
Kyrkja dessmeir.

Tones Tualand, Skulemeistaren, hadde teki til aa
vanke i Huse i seinare Tid; til Slutt fekk Enok
Mistanke um, at det var Serina han gjekk etter. Ein
Kveld kom han yvi deim attanum Løo; dei stod der
i slikt eit stillvori Drøs; daa Enok kom, vart dei so
raude og rare; og strakst etter sagde Tønes Godnatt og
gjekk. Underleg braatt og villt brast det ut av han
Enok: „kva er det du løyp og renner etter den
Husmannssonen fyri? Kva er det, han vil deg? He? Kva
hev du i Løo med han aa gjera? He?!" Han saag
so vill ut at ho vart rædd og rømde inn; Enok etter,
mullande og fortryllt; i Kjøken tok han paa Anna med
same Jamringi. Anna vart harm; „du kunde daa høyra
deg fyre, fyrr du tok paa Barne med vitlaust Snakk,"
meinte ho. „Gong paa Gong hev ho sagt til han Tønes,
og i Kveld med, at det ikkje kann verta noko; og trur
du det ikkje, so kann eg fortelja deg det alt Folk veit:
at han Tønes er mest som ør for dette; gjeng og driv
ned i Heidane um Dagen reint for seg sjølv; og til
Serina sender han Brev med halvgalne Visur; —- ja
du kann faa sjaa sjølv!" ho gjekk aat Bui og kom att
med eit Papir som ho gav han.

Enok saag paa Visa; vilde Tønes gjera Narr au?
Tenk han skreiv paa dette flate Maale. Hm!

„Aa Vinden tyt gjenom Lufti,
og Marki er kald og snaud.
Gud hjelpe meg arme Syndaren!
— eg vilde helst eg var daud.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free