- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
174

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

174

FRED

„Dei baler og balar og balar
i Strid og endelaust Kav.
Gud berge meg arme Syndaren!

— eg laag no helst i mi Grav.

„Presten han stend og preikar,

og Skulemeistaren skriv.

Gud trøyste meg arme Syndaren!

— eg slepte no helst mitt Liv.

„Gjenta ho lær og dansar,
og gjev seg ein Fark i Vald.
Gud naade meg syndige Armingen!

— best var det aa liggje kald.

„Farvel, du staakande Verdi!

eg trur eg er ferdig no.

Der ute skin Have blankt og blaatt,

og der, paa Botnen er Ro — — —"

Enok stakk Papire i Lümma og gjekk. Hm. Ho
Anna hadde Tillit hjaa Borni; til henne gjekk dei med
alt; men til honom, — ingin kom til honom. Dei
var rædde honom. Han var utanfor, han; utanfor;
framand i sitt eigi Hus; smikk . . . smikk — —

— Det kom ein Regnsümar av dei verste.

I seks Vikur rignde det mest i eitt. Himilen hekk
heilt ned aat Aasane med si svære Skytyngd; Jordi
flaut med Vatn; det var som der ikkje skulde vera
Skilnad lenger millom Vatne ovantil og Vatne nedantil.
Skyir stengde til alle Kantar; Himilen drog seg ihop
som ein Sekk. Men ute i den ævelege Regnskodda
myrkna Have.

Fæle Torever drog laagt yvi Lande med trafsande
Regn og heite Ljon ; det kunde vara i Dagar. Svære
Flaumar førde Sand og Smaastein og Rekstr yvi alt
laagt Lende, drog med seg Høy og skamfor Eng.
Vegar vart øydelagde og Kloppir rivne. Høye stod
og brann upp i Saatune sine, og Slaatten stana all
Stad.

Stundom var det som Herren vilde forbarme seg;
Soli rann um Morgonen tirande blank, og Himilen var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0184.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free