Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
178
FRED
nok var hans. Og Enden vart, at han kom til aa fylgje
henne alltid.
Daa vart Fante-Tomas i Ulag; Carolus Magnus hadde
vori hans einaste Trøyst. No kunde det mest vera
det same med heile Vidtløftigheiti.
Skrap gjekk det med han sjølv au. Jordstykkje sitt
hadde han ikkje kunna brüka. Han livde paa
Fatig-hjelp med Tigging innimillom og vart meir og meir
lat. Stogo hans hadde vorti eit fast Fantebøle. Alle
gamle Kjenningar tok inn der; og med deim fylgde
Brennevin og Kort, so han Tomas hadde gløymt all
Framhüg. Og Kjeringi, som vart sjuk og forvend
av aa liggje so jamt roleg, hadde slegi seg paa Flaska
reint; sistpaa laut ho hava Brennevin kvar Dag, skulde
ho vera styrande.
Med Borni gjekk det like eins ymist. Den eldste
Gjenta tenkte berre paa aa sleppe fram; so „vilde ho
faa seg ein Unge i Tarmen" og gjeva seg paa Utferd.
Det gjorde ho daa au, so snart ho kunde sleppe til.
Slog Lag med Olaves Didriksen og gav seg paa
Vidvanken.
Dei tvo yngste, ho Else og han Fredrik, gjekk heime
og lærde alt som gali var. Stal Brennevin og drakk;
laag i Bakken utanfor Huse og leika Dragsmaal og
Kjærleik og alt som til var. So at Tomas stundom
flaug ut i sitt faderlege Sinne og slog Ungane mest
ihel. Men so kom Mori etter i Fullskap og Vilske
og dengde og flengde han Tomas att.
Til Slutt rann den syrgjefulle Dagen, daa Fante-Tomas
misste Kjeringi si. Etter Guds djupe Raadslagningar
døydde ho fraa han i Dilla ein Dag; og alt um dette
i visse Maatar kunde vera godt, so skyna Tomas snart,
at utan Kjering var han skorsett.
Og paa Resten saag han seg drivin av den harde
Skjæbnens Nødvendigheit og Inngrimheit til aa laka
Else og Fredrik med seg og forlata Hytta si, som no
skorsett: i Knipe; raadlaus.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>