- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
185

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

185

flytte til kvarandre fraa Sida med Augo som forstod
cvarandre.

„Du maa kje tala so lettsindigt, Carolus," formana
ien gamle; „det er sørgjelege og djupe Ting dette,
3g Herrens Raadslagningar er ubegripelege for oss.
Men elles er det kje sagt det vart Pagoen," lagde han
til i Kvardagstone.

„Det er det same," sagde Carolus fast. „Naar
Arbeidsmannen ikkje fær den halve Skillingen han
treng um han skal liva, so lyt han berga seg som
han kann."

„Hæ-hæ, din Skøyar," lo Fante-Tomas; „hugsar
du det?"

„Eg hev tenkt mykje paa det, maa du tru. Og eitt
av tvo. Anten gjeng det godt; og daa er det so mykje
betre. Eller au vert me fakka og førde paa Straff;
men daa fær me det au betre enn me no hev det.
Eg vil segja deg beint ut, Far: eg kann kje gaa lenger
og sjaa paa, at ho Katrine skal ha det soleis; og det
verste er, at ho snart skal ha smaatt att."

Han var aalvorsam.

Um ei Stund sat Tomas og Carolus og Katrine
saman paa Vegkanten og heldt Husraad; og der vart
daa heile Saki avtala og avgjord. Det maatte bli ei
Raad no; og den einaste Raadi var Spaneba.

Og det vart Glede i Flokken, og Godlag og
Blid-laat; Katrine klappa med kjælne Augo Carolus paa
Kinne og sagde: „du er Rakloen min alitid, du!" —
Det var som dei endeleg saag Land. „No ikke noget
Kryberi!" knota Carolus; „berre gaa paa med
mande-legt Mod; Gjerningen er beslutta!" —

— Ut paa Ettermiddagen skildest Katrine fraa
Men-nane med alle gode Ynskje; ho og Borni skulde taka
Vegen gjenom Fjellbygdine. Tomas og Carolus tok
Fiatlande fat; dei vilde innum paa Hove. Der var
han Carolus so godt kjend.

Spaneba: Stuld. Raklo: Gut.

13 — Garborg IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free