Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
196
FRED
Stundom hadde han ikkje Fred til aa sitja til Bords
dessmeir. Slengde seg ned; lét eit Barn lesa Bøni;
reiv i seg nokre Bitar og flaug; det var eit Under
kva han livde av slike Dagar. „Eg tore kje eta,"
egste han; „Maten er forbanna; forbanna". . .
Han fann fram sine gamle Skirinklæde og spjaaka
seg til att med deim; slik ein Helvites Brand og
vanheilag Kropp skulde ikkje sjaa ut likare. „Du kunde
daa klæ deg som Folk!" skjellte Anna; han svara med
eit braadt villt Maal, ho ikkje kjende: „eg vert kje
venare, naar eg kjem paa Legd!" Dei verste
Paa-fynster i Matvegen kom upp att, men villare og utan
Samanheng: „rid den Vonde deg? kjem du med Smør?
Takka til, so lengje me hev turre Brøe!"
Bøni las han Morgon og Kveld, men paa ein Maate
so det vart reint stygt stundom. Alt vent og trøystefullt
sprang han yvi eller rengde um; det var som det ikkje
skulde gjelde for honom. Men kom det noko fælt, um
Synd og Fordøming og Daude og Straff, daa sette han
i so høgt og villt, og med slik ei tydeleg Tilmaating
aat seg sjølv, at ein kunde skræmast.
Han hadde det fælsleg vondt. Den gamle Otten for
Bringa var komin att, men verre; kaldare, djupare,
lenger inn; laag og tyngde som ein Daudkalde. Det
var den som ikkje gav han Fred; og so Tankane,
alle desse ville, rædde Tankane som gnog og gnog
utstanseleg. Fæle Tankar, fulle av Gudsspott; skræmeleg
Gudsspott, so han rømde for seg sjølv; Ljone maatte
slaa ned; Jordi maatte opne seg . . .
Naar han endaa hadde kunna sova! Men han torde
ikkje. Angesten vart so vid, so vakin —; det vakna
og vakte rundt ikring han med dimm, stirande Rædsle
og store, skræmde Augo; i det same han skulde sovne
skvatt han høgt upp; fann seg att i den tunge Sengi
sveitt og skjelvande.
Sjeldan fekk han Svevn fyrr utpaa Morgonstundi;
men daa tok Draumane han. Han hekk og svimra paa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>