Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
200
FRED
„Bitterdø!" braadde han i; det var som han hadde
fengi ein Tanke; „veit du ein Dokter som ikkje trur
paa Gud?"
Ho bleikna burt der ho stod; no kom det;
„kva segjer du?!"
Han stilna av att og vart modlaus. „Fanst det
berre eit Menneskje paa Jordi . . . som kunde faa
meg til aa tru at der ikkje er nokon Gud ..."
„Du skulde skjemmast, Enok!"
„Den som var Fant. Fantane hev det godt; dei trur
kje nokon Ting. Berre einkvan kunde ta Gud ifraa meg!"
Han braasnudde og rømde; stana att —:
„Tru det kunde hjelpa um eg gav meg til aa drikka?"
Ho gjekk ifraa han. So fortryllt hadde ho kje set han
fyrr.
Han flakka av Stad att.
XXVIII.
Straalande fin Sundagsmorgon.
Soli tek til aa spela seg paa Veggen uppmed
Bokhylla. Den glade kvite Solflekken dansar att og fram.
Ute blæs ein lett, svævande Siimarvind. I den voggar
den bannstøytte Selja utanfor Vindaugo Lauve paa dei
Greinine som enno liver.
Lerke og Stare og annan Smaafugl kvitrar og kved,
so glade at det er som dei smaae Bringune kunde
sprengjast av Morgonjubel. Kvitt, kvitt; kvitt! titt, titt,
titt, ti—it! ti—it! tirli-tirli-tirli-ti!
Inne sit dei ved Borde og fær seg Mat. Enok riv
i seg ein Bite so daa og daa; gløymer seg av; sit og
stirer og glor med svevnstive Augo.
Hev kje Hug paa Mat. Likar kje Mat. Kva skal han
føde denne Kroppen etter? Den som var hugfast nok
. . . kunde berre svelte seg ihel . . .
Ikkje vanvyrde Guds Gaavur; — han gjev Fenden i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>