- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
203

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

203

„Skjemmest du kje, Enok? — Du er daa kje galnare
enn du veit kva du segjer og gjer. Sjaa um du kann
kje aga deg, naar her er framande? — Eg vil kje
høyra slikt meir; so mykje du veit det. Det er so
fælt, at eg hev reint vondt av det. Borni skulde du
au tenkja paa, — korleis det maa vera for dei aa
høyra og sjaa paa slikt. — Vil du kje til Kyrkja
heller?"

Rolegare, modlaust svara han:„naar Hunden kjem i
Kyrkja, vert han utjaga."

„–Eg tykkjer kje du skulde gje deg so reint

yvi, Enok. Du er daa so klok —; du veit betre enn
du steller deg til. Kom no og hald Bøni; og sansa
deg litegrand. Du kann daa vita det gjeng gale naar
du gjev deg yvi."

„Aa ja du hev Rett, Anna. Du hev so Rett!" —
han slog yvi i Graatemaal.

Litegrand etter gjekk han inn-i Stogo.

Han sette seg ved Leseborde. Bledde i Salmeboki
lengi. Salma paa Dagen lika han ikkje. Fann ikkje noko
som han lika; bledde att og fram. Dei andre sat stille
og venta. Tikk—tikk; tikk—tikk, sagde Stoguklokka,
seint og tölmodigt.

Kvitt-kvitt-kvi—itt! Titt-titt-ti—itt! ti—itt! — Ja dei
kann nok syngje, som ikkje skal brenne æveleg . . .

Endeleg sagde han dei fekk slaa upp No. 230.

Hardt og stygt sette han i:

„Hjertelig mig nu længes
efter en . . . End’!"

— „salig" sprang han yvi. Villare og villare hasta
han i Veg:

„Thi ynkelig jeg trænges
af Drøvelse og Eiend.
At vandre er-jeg-rede!
fra Verden-med-en-Fartü

Til––;

kom, —, kom nu snart!"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free