Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
207
og dreiv deim burt, men kunde kje vera deim forutan
heller; det vart so tomt og utrygt daa; alt gleid burt
og han sjølv med; so gav han seg yvi att og lét
Tankane tumle som dei vilde.
Men stundom gjekk dei burt av sjølve-seg; drogst
av ei framand Magt ut i svimrande Natt, i det ævuge
Myrkre; han stod etter burtgløymd og burtkomin med
fiktande Hendar og ørskande Minur, mullande Ord
han ikkje forstod. Banningar, Bønir, meiningslaust
Tull; det høyrdest i Heröta for han som ein annan
skulde snakke.
— Det var ein Kveld Djevelen elte han framifraa.
So fortumla var han, at han visste kje kvar han
gjekk; hugsa kje til seg, var som fraa Samlingi; men
kvar han gjekk og ikkje gjekk, so kom han Gong etter
Gong til Heialandsvatne. Like innunder den vesle
Hamaren, der Vatne var so djupt.
For tridje Gongen stod han der no i den myrknande
Kvelden.
Vilde Gud det?! vilde han tillata det? Gav han
Djevelen fritt Spel! Enok kasta seg aa Gruve i Lynge;
tok Tak med Hendane; heldt seg fast; Skjelvingar og
Rykkjingar gjekk ’n gjenom Kroppen; men Djevelen
drog og drog, nærare og nærare; nærare og nærare
... og Vatne der nede lokka og lokka; sutla og skvala,
so koseleg og so smaatt . . .
„Gud i Himilen; dette vil du kje; dette vil du kje!!"
— Kor lengi han laag der og stridde for sitt Liv, det
visste han ikkje; sistpaa hadde han krabba seg eit
Stykke upp etter att; men Djevelen drog, og Vatne lokka.
Daa var det eit hardt, sterkt Maal i Heidi sunnanum
Vatne som sette i og song. Det var han Tønes
Tua-land, Skulemeistaren.
„Ein Lyktemann i Kvelden sviv,
ein fredlaus Gut;
so blæs det upp, og burt han driv
og sloknar ut."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>