- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
208

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

208

FRED

Dei sorgtunge Tonane dreiv ut yvi Heidi i
Nattstilla ; der døydde dei utan Svar. Men for Enok koni
dei som ei Svaling.

„Han kvervdest burt i Skoddeflaum,
i Regnhjelm graa;
men dette var hans beste Draum:
aa slokne faa.

„Av Myr og Eim han sjuk var fodd
til Natteferd;

ein heimvill Draug, av Live mødd
han vanka her."

Songen drog sør-yvi, lenger og lenger burt; siste
Verse kunde Enok so vidt skilja.

„Som Ljose hev den eine Draum:
aa brenne ned, —
han helsa glad den Skoddeflaum,
som gav han Fred."

Ei Viba flaksa rundt i Lufti og tagde. Døyvd
Aa-sus skar hit fraa Brekkehøgdom. Langs-etter
Strend-ine steig Kvit-eimen varm og mjuk og breidde seg
yvi Sev og Steinar.

Enok laag i Lynge og grét. „Du hev frelst meg!
Store Gud, du hev frelst meg! og høyrt mi Bøn!
Store, kjære Herre Gud, du hev høyrt mi Bøn og
frelst meg!"

XIX.

Han gjekk heim; sov roleg um Natti og vakna um
Morgonen med klaart Hovud. Han torde kje tru paa
det; gjekk heile Dagen og undrast og ræddast; det
kom vel snart; det kom vel snart . . . Men han fekk
Fred heile Dagen. Um Kvelden bad han ei hjarteleg
Bøn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free