Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
209
„Kjære Frelsar," sa han stilt, „du hev vori god med
meg i Dag, og lati meg endaa ein Gong faa sjaa di
milde Aasyn. Og kjenna di sterke Frelsarhand. Og
du lét meg faa tru, at det er av Naade og ikkje av
Vreide, at du tuktar meg so hardt i denne siste Tid
. . . at eg til Gagns skal faa sjaa kva eg er i meg
sjølv, naar ikkje du hjelper. Aa Herre, eg takkar deg;
eg takkar deg! Aa, dersom det no var din Vilje —
dersom du saag det var Raad ... aa sleppa meg ut
or denne store Rædsla, som eg med mine Synder og
mitt Ovmod so syrgjeleg vel hev fortent. Aa, dersom
du kunde lata meg faa kvila, Herre, um det so berre
var ei Stund; kvila fraa dei store Angestar. Ja Herre,
um du i din Naade kunde lata denne Kalk gaa ifraa
meg! Um du kunde lata meg faa tru paa din Naade;
um du vilde stydja og hjelpa meg i den tunge Strid,
at eg ikkje skulde liggja so reint under! Aa, du hev
sagt, at du ikkje vil lata oss røynast yvi vaar Formue.
Og du vil ikkje ein Synders Død; du vil at han skal
umvenda seg og liva. Aa kjære naadige Frelsar, eg
bed deg av alt mitt forpinte Hjarta for ditt eige
dyrebare Blods Skuld, hjelp meg. Du, som sjølv leid den
store Angesten i Getsemane Have, so at du sveita
Blod; du, som i Daudens Naud paa det heilage Tre
sjølv maatte kjenna at Gud hadde forlate deg ... aa
du veit mi Naud; og du veit kor veik og hjelpelaus
eg er; aa, du vil vera med meg og leide meg fram
gjenom Daudens Skuggedalar.
— „Men," heldt han fram med ein lang, skjelvande
Sukk; „er det din Vilje, at eg enno ei Tid skal tumla
um i denne Forvildelsen ... Du ser det, Herre. Du
maa forstaa, at det er meg best. Du kjenner meg, og
veit kva eg treng ... og kva eg toler. Eg gjev meg
i di Hand; eg set mi Lid til deg. Men, Herre . . .
ver barmhjertig ..." Mæle brast. Med Taarir heldt
han fram: „ver barmhjertig! Gakk ikkje reint burt
fraa meg; lat meg aldri vera reint aaleine. Hav eit
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>