Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
211
viste det seg, at han var midt uppi ei Rid av verste
Slage.
Svevnløysa kom; og han vart meir og meir fortryllt.
Det gjekk so vidt, at han ikkje kunde tvinge seg for
framandt Folk heller alitid.
Fleire kom og vilde trøyste han; men det saag helst
ut til at han hadde vondt av det.
Ein Dag kom gamle Salomon Storbrekke. Han
stabba heller tungt paa Staven sin no; Alderen tok
paa han. Han var framlut og stør, Mæle pipande og
veikt; Høyrsla hadde han mest reint mist, og han var
tutlin og tøvin i det heile. Sat og rødde um Mor hans
Enok; ho hadde au havt det med slike Gruvle-Ridir,
sagde han; „so du skal kje bry deg, Enok; du skal
kje bry deg ..." Men ingin kunde skyna kva Trøyst
Enok skulde hava av det, at Mor hans au hadde havt
Gruvle-Ridir. „No vilde eg berre ynskja, eg hadde
di Tru!" ropa Enok inn i Øyra paa Gamlen; — „jagu
ja, san!" nikka denne; hadde vel ikkje høyrt det.
Til Slutt kom Kjistina Ramstad, ho som dei sagde
Enok skulde ha tenkt paa ein Gong. Henne tala han
lengi med. Men ho kunde ikkje faa sagt han noko
større; ho hadde slikt Kav med Graaten. Ho berre
bad Enok at han ikkje maatte gjeva seg yvi. „Du
kann tru det er mange som vilde tykkja det var vondt
.... um ein slik Mann skulde tumla seg burt."
Graaten tok henne. „Det er so vondt ... aa sjaa
deg att slik, Enok ... du skynar det ikkje!" Enok
vart liksom stillare etter dette; men Svevnløysa heldt
paa. Anna tenkte meir og meir paa Doktaren.
Kornelius hans Helge der aust var klen; dei trudde
det var Tæring. Han hadde alltid vori puskin av seg,
mager og skrinn og med slikt eit underleg ustødt
Gongelag; men no tok det reint Magti. I heile Vinter
hadde han haldi seg inne; no laag han; og dei tok til
aa tru at det vart Enden. Daa det leid til Vaaren,
kunde alle sjaa det var den Vegen det bar; Helge
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>