- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
215

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

FRED

215

Sundagen etter kom han. Enok vart som glad med
same; „nei e’ de’ ke han Dunnalmann," klissa han,
liksom han skulde tala til eit Barn.

Gunnar vart forfæld daa han saag Far sin. Uvaska
og uraka, med det vaate Haare klint inn til Hovude,
umvridin i Andilte, blaa og bleik, reint naadæmd, Augo
raudsprengde, stive og store, — saag han soleis ut,
at Sonen knapt kunde kjenne att Far sin.

Enok stirde paa Gunnar, myrkna; lika kje Guten.
Byklædd og fin; strak og kaut; Bymannsfaktir; smal,
bleik; Skjegg under Nosi; jau det skulde vera noko
og setja paa ein Gard. Juks; Juks . . .

„Kjem du for godt no?" braadde han i; han stana
paa Golve midt framfor Son sin.

Denne raudna. „Eg kann kje koma laus fyrr det
lid lenger utpaa," svara han.

Anna sukka, der ho laag i den store Umhengssengi,
utmødd og klar. Enok smikka med Fingrane; „det er
Viljen; det er Viljen ..." So sette han paa Døri.

„Du maa fylgja han og snakka vel med han," bad
Anna; „du ser korleis det er."

Gunnar gjekk; fann Far sin i Kjerrehuse. Der stod
Enok og smikka og grein yvi alle dei gilde
Arbeids-greidom, han hadde kaupt; no laag dei der og gjorde
Narr av han. „Kva vil du med oss, du Kalvehovud
som ikkje kann brüka oss?"

„Hm," kremta Gunnar.

Enok snudde seg; for med ein Gong beint paa han:
„du skal kje gaa med Skjegg under Nasane, Gunnar!
Det er Djevelens Væsen, Djevelens Væsen, Djevelens
Væsen" — smikk . . . smikk . . . „det er gale nok
at Far din gjeng til Helvite."

„Korleis er det du snakkar, Far."

Like innpaa Son sin, kvæsende hardt og villt, heldt
Enok fram:

„Og so skal du kje dansa. Veit du kva? daa eg
var ung, vilde eg au læra aa dansa; men eg kunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free