- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
216

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

216

FRED

kje. Bad so smaatt til Gud; men nei. So bad eg til
Fenden. ’Du, Fenden, kann kje du læra meg aa
dansa?’ — daa lærde eg litegrand. Men no tek Fenden
Løni. Du skal kje dansa, Gunnar! lova meg det."

Gunnar var bleik; han sagde Ja, men visste knapt
av det. Verre Ting hadde han paa Samvite sitt . . .

„Ser du at Gud hev forlati meg, Gunnar? Ser du
det? ser du det? Alle kann sjaa det. Men naar du
kjem heim, so skal eg klara meg like godt. Du skal
faa Garden med ein Gong; og er det nokon du vil
gifta deg med, so berre gift deg. Ein skal gifta seg;
for elles fær den ureine Aand Magti. Hev du vore
standhaftig mot den ureine Aand, Gunnar?"

„Ja ..." Guten vart svært raud.

„— Du tykkjer vel eg ser rar ut? he?" —- Tett
inn i Andlite paa Son sin kviskra og kvæste han:
„det er Fenden. Det er Fenden. Denne Angesten for
Bryste, ser du. Angesten; he? den hev kje du kjent.
Is; Natt; Is og Natt; langt inn i Sjæli."

„Far, du maa — —"

„Hyss. No skal eg segja deg noko. Djevelen er
etter meg; han vil eg skal gjera Ende paa meg.
Kvaj-Dag, kvar Kveld ..."

„Det . . . gjer du kje, Far. Det — aa, det gjer
du ikkje. Der skal Viljekraft til det."

Enok grét. „Det er det eg au trøystar meg med.
Eg kann kje. Eg trøystar meg med at eg kann kje.
Eg hev ikkje Kraft."

Jau her saag ut. Og han Far, som hadde haldi seg
so trutt til Gud; hjelpte det kje meir aa halde seg til

Gud? — Og eg, som–-; Gunnar kjende seg raad-

laus. Gjeng det no gali med meg og . . . — „Det
er vel ein som vil hjelpa deg," sagde han raudnande.

„Dersom du kunde faa meg til aa tru at der ikkje
er nokon Gud!" kviskra Enok. „Lensmannen trur kje
paa Gud, og han hev det godt; Doktaren trur kje paa
Gud, og han er feit som ei Ku; Fantane trur kje heller

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free