Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
217
paa Gud; — aa nei! den som hadde det so godt som
Fantane."
„Er det kje best me gjeng inn no, Far; her er
kaldt ..."
„Men du maa lova at du vil koma heim," bad Enok.
„Du maa koma heim og passa paa Far din. Eg tor
kje gaa her aaleine; kvar Gong eg ser eit Tog eller
eit Reip ..."
„Kom no, Far." Gunnar tok Far sin i Armen og
drog han halvt med Magt inn-etter aat Stogo.
„Han er sterk likevel," murra Enok; han fylgde
viljelaus som eit Barn. Sutrande lagde han til: „ja
naar eg hadde din sterke Arm aa stydja meg til!"
XXX.
Med laakt Samvit for Gunnar til Byn att. Det vart
verre no. Han hadde aldri trutt at det stod so gali
til heime.
Men kva skulde han gjera? Kva i F—• Pokkers Skinn
og Bein skulde han gjera? Det vart kje betre, um
han kom heim.
Denne H—stygge Slarvegjenta som han hadde vasa
med i seinare Tid . . . Tosken han var; hadde han
berre haldi paa med dei andre; men no sat han der.
Han hadde freista med baade godt og vondt; hadde
endaa bodi henne Pengar; for ingin kunde vita kven
som var Far til den Ungen; ho hadde no visst tri
. . . Men um ho tenkte at ho skulde bli Gardkjering,
eller um det kunde vera sant at ho paa sin Maate
heldt av han, — der var ingi Raad med henne. Ho
vilde gjera Eiden sin paa, at ho ikkje hadde havt med
andre aa gjera i den Tidi, sagde ho; og Ungen skulde
kje ljuge seg Far til . . . F—anken aa koma uppi
slikt Uføre!
Det fanst daa berre ein Utveg: Amerika. Det vart
15 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>