Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
219
han Gunnar, at de maatte kje verta vonde paa han;
men han hadde havt slik brennande Hug til aa sjaa
seg um i Verdi, fyrr han kom heim for godt. Og so
laga det seg so vel at han vann nokre Pengar i
Lot-trie; og no vert han burte ei Tid, til dess han tykkjer
han hev lært nok. Han hev store Tankar, han
Gunnar; ein Dag kann du gjerne faa sjaa han paa Storthinget
Enok stirde. Kvar han Gunnar var farin av? —
Aa, noko kvar Stad, sagde Torkjell. „Han hev
alltid havt slik Hug til aa sjaa seg um, veit du; han
vilde nok fyrst burt aa sjaa paa nokre forunderleg
gilde Maskingreidur dei hev funni paa i Amerika" —
„Amerika! — berre han daa kjem att."
„Du kann daa vita han kjem att. Heh! ein Gard
som Hove finn han kje paa Gata nokon Stad."
„Men at han ikkje nemnde noko um dette daa han
var heime?
„Han var kje viss med seg sjølv endaa; og so vilde
han ikkje gjera dykk urolege."
Enok forstod det ikkje. Torkjell rødde og rødde og
tok det lett. Med ein Gong snudde Enok og gjekk
heimatt. Torkjell etter.
Enok beitte den brune Merri for Karjolen; vilde til
Byn. Han hadde vorti so uppskaka. Laut hava Greide
paa dette.
„Ja no maa du kje tru paa alt det Folkesnakke du
kann faa høyra i Byn," lempa Torkjell; „du veit det
vil alltid verta ymist Drøs um Ungdomar som der er
noko Framferd i." —•
— Meir og meir uroleg køyrde Enok av Garde.
Han sprengde mest Brunka paa den Ferdi.
Den fyrste han raaka i Byn var Student Olsen.
Denne kom stram og strak og helsa og „kondolera".
Han var full og tala fint.
„Ja der var en vild Natur i den Gutten; det saa
jeg alt dengang. Og naar en saadan Fole slippes ud
paa Vidaatten . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>