Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FRED
221
Serina hadde stelt Mat til Far sin og gjekk aat
Kammerse. Torkjell stelte Hesten og l’ylgde Enok
inn. Han totte han tok det baade rolegt og vitugt.
Var nok lite still og rar. Men ein kunde kje vente
han skulde vera glad heller.
„Det er kje noko aa ta seg Tæring av dette, Enok.
Guten kjem att. Det var verre uin du hadde misst
han." — „Aa ja." — „Og no fær du snart Brev fraa
han, so du fær vita koss det gjeng." — „Ja." — „Ja
so fær du ha Godnatt daa og sova vel." — „Ja—a."
Enok sette seg i Benken ved Vindauga; her var so
varmt. Tikk—tikk ; tikk—tikk . . .
— — Um han tok Øksi og slagta deim; so vart
det kje so mange Munnar aa føde. — Reise til Amerika.
Det var mange, som reiste til Amerika. — —
Valdet kje einkvar som hadde sagt, at han Gunuar hadde
fengi Lausunge?
Her var so stilt. -— Han skulde ha vori ein annan
Stad no, men kunde kje hugse . . . Tikk—tikk, tikk—
tikk . . . Øksi. — Det var igaar det. Det var igaar det.
— Tidi gjekk. Enok sat der.
Han var so heit; det stod som ein Strjukebolt
gjenom Heilen hans. Han vilde ut. Men kom han
utanfor Døri, so var det einkvar som vilde taka paa han.
Der høyrde han deim. Dei rødde; dei var sinna.
Ikkje ut; ikkje ut.
Men han lika ikkje dei tvo graae Mennane, som
var komne inn her. Kva vilde dei ? — gjekk og
tusla og tasla med slike stille, vare Kattestig. Tett
inntil han. Nappa etter han; — nappa. Tuslande og
graae. Og stirde paa han. Kjende dei han? — Slike
tome rædde Augo. Der var komin ein uppi Benken
au. Inni Kroken; ovanfor der han sat. Det var ein
leid ein, det; sat og lurde og glodde. Lurde og glodde;
tenkte paa vondt. Stygge Augo; rædde, stirande.
Glodde. Kva tenkte han paa? — Og liksom dei
skulde kjenne han . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>