Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
FYRSTE VENDING
Hjaa Paulus Håve. Ettermiddag midvinters.
Ei ikkje stor Bondestogu. Paa Bakveggen Dør (gjenom
,,Gangen" eller Forstogo) ut. Til vinstre for Dori eit stort Skaap.
Til høgre for Døri Omn; millom denne og Døri ein Stol. Paa
høgre Sideveggen, i Omnskraai, ein Sovebenk. Ved fremste
Enden av denne eit høgt gamaldags Klokkehus med Klokke.
Hitanfor dette Dør ut til Kammers (og gjenom dette til Kjøken).
Paa Veggen hit av Døri eit lite Skaap. Lengst framme ein gamall
stor Sofa; paa Veggen ovanum denne eit Steintrykk: Bryllaupe
i Kana; under dette fleire Fotografi i Raamur. Paa vinstre
Sidevegg: tvo Vindaugo. Paa Veggen millom desse Spegil.
Ein fast Trebenk gjeng langsetter Veggen fraa øvst til nedst.
Ved denne, lengst framme, eit mindre (grønmaala) Bord; paa
Veggen ovanum det Bokhylle. Lengst mot Bakgrunnen,
inn-mot det store Skaape, eit raudmaala Klaffebord.
Her og der Trestolar. Stogo ikkje høg; rett ljos.
Paa Langbenken innved Grønborde sit Jens Eide og drikk
Kaffi. Han er ein Mann paa 35—36, midelshøg, roleg i Tale
og Lag, med eit lite spottande Smil, som ofte kjem att; byklædd.
Helga sit i ein gamaldags Armstol framanfor Borde og saumar;
ho er svarthærd og myrkdæmd; ser bleik og trøytt ut, liksom
for tidleg folna; Augo store og myrke, noko stirande.
Jens Eide. Ja. So vidt — kann eg segja at eg no
er installera. Og i Overmorgo, Maandag Fyrimiddag
10 Slætt, tek eg til aa fungere. Funktionere! (smiler.)
Ekspedere, protokollere, konferere, ekstradere,
kontrahere, inkassere, auktionere, -— et cetera.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>