- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
237

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

237

Helga (mest tumlar). Med Evelinde —

Paulus. Ja. Ja ikkje noko faarlegt, — soleis. Men
du veit me var Uvenir eit Bli daa, du og eg, kva det
no var for noko Tufs; og so med ein Gong ein Dag,
so fann eg meg midt uppi Tankar og Draumar um
Evelinde.

Helga (hev sett seg. Svært bleik). JaSO.

Paulus (gaar ikkje etter). Tufs og Tull og inginting! Men
so mykje forstod eg, at hadde Freistingi vori ute, —
so var eg ikkje stødare enn so! Den gamle Adam sat
der inne livs livande! Berre løynd attum ein Haug

med Bibelspraak. (Ét innimillom; men gløymer seg kvar Stundi.)

Helga (tvingar seg). Og SO —-

Paulus. Eg vart rædd, kann du vita, og arg med;
for no meintest eg vera so vidt gamall i Trui, at eg
skulde ha vori ferdug med slikt-noko. Og eg til aa
granske og ransaka meg sjølv baade upp og ned; og
kva trur du eg fann? (iær.) Heile Læraren, heile
Heilagmannen, — ein Sattans-unge fraa Topp til Taa! Berre
løynd i ei gudeleg Kaape.

Helga. Du er so streng med deg sjølv, Paal. Du
hev daa visst meint det so ærleg —

Paulus. Ja det var mest det galnaste! Eg meinte
det so ærleg at eg hadde stræva meg mest ihel; og
endaa stod eg der soleis; ikkje eit Stig Framgang! Berre
eg kasta Lesarhamen, so kunde eg vera eit
Verdensbarn med ein Gong. Alle gamle Lystir like livande!

Og denne Angeren min, som eg hadde pint meg med
i alle desse Aar, — berre Tufs, det med. Enno gjekk
eg der og drog paa Syndi mi. Enno var eg rædd Daude
og Dom. Enno hadde eg ikkje vunni att Barnehøve.
Gud var no som fyrr Domar meir enn Far, og sat der
uppe og heldt Bok yvi Tankar, Ord og Gjerningar.

Helga (uroleg). Gløym no ikkje Maten, Paal. Kaffien
vert kald for deg.

— Du, det er sant, Jens er her, Bror min.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0247.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free