Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
243
Jens. Til Nons kann eg ikkje koma — i Morgo;
men utpaa Kveldykti ei Stund skal eg vera her. Men
so lovar du meg ein Ting?
Paulus. At eg skal vente til daa? —Ja det skal eg.
Jens. Ikkje nemne til noko Menneskje, Paal, dette
du tenkjer paa, — og minst til Kona di. Ho er veik
i denne Tid, Helga, trøytt; ho søv visst ikkje godt; —
nei, ho hev kje sagt noko; eg berre dømer etter det
eg ser. Reint ut sagt, Paal, so trur eg du er ein
aaleitin Mann aa vera gift med.
Paulus (undrin.) Eg? Slik ein Godsau som eg er?
Jens. Ja men der er Uro ikring deg jamt. Og
sjølv hev du so mange Paafund. Kvinnfolk hev det
soleis, veit du; dei tek det so tungt med alt slikt.
Eg lagde Merke til henne i Dag; ho er veik, Paal.
So veik at ho græt for eit godt Ord, — ho som var
so sterk og ferm alltid.
Paulus (kvekk.) Græt ho?
Jens. For ingin Verdsens Ting.
Paulus. Ja men vaksi Folk græt daa ikkje !
Jens (smiler). Her paa Lande plar me ha so vidt
Kultur at me styrer oss. Men det er Nervur, ser du.
Og naar du no høyrer at ho er so veik, so skal du
live henne, og taka det lempeleg. Det er stride Ting
du er inne paa no, Paal; det kann ikkje vera greidt
for eit Kvinnfolk aa faa slikt innyvi seg med ein Gong.
Paulus. Græt ho? Men stakkars Helga; og eg
som — —.
Ja du kann daa vita eg skal live henne! So lengi
som eg paa nokon Maate kann ! — Stakkars Gjente ;
kven kunde no koma paa slikt? (siær seg paa skallen.)
Eg er eit Naut, Jens. Eg korkje haar eller hyggjer.
Gjeng berre og tullar med mitt.
(Braadt.) Eg skal tegja som Muren. Eg skal vera
snild med Helga i Kveld.
Jens. Det er rett, Paal.
aaleitin: „anstrengende". — live: „beskytte"; „skaane".
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>